Seksjon for berekraftig eigedomsutvikling
Seksjon for berekraftig eigedomsutvikling
Seksjon for berekraftig eigedomsutvikling
Seksjonen har det overordna ansvaret for å ivareta ei heilskapleg, strategisk utvikling av NTNUs bygg og eigedomar, følgje opp NTNUs ansvar som byggherre, samt ivareta og utvikle heile prosessar i byggeprosjekt.
Tenester og kontakt
Tenester og kontakt
Fagområde strategisk eigedomsutvikling arbeider heilskapleg og strategisk med utvikling av bygg og campus ved NTNU.
I prosjektprosessen for byggutvikling har fagområdet ansvar for behovsfase, konseptutvikling og konseptbearbeiding.
Fagområdet består av tekniske eigedomsforvaltarar, eigedomsutviklarar, miljørådgjevarar og eigedomsanalytikarar.
Leiar for fagområde Strategisk eigedomsutvikling er Linn Rasch Aune.
Fagområde prosjekt har ansvar for større byggeprosjekt i Eigedomsavdelinga. Dette kan vere vedlikehalds- og ombyggingsprosjekt, rehabiliteringar og av og til tilbygg/påbygg/nybygg.
Våre oppdrag kjem hovudsakleg frå vedlikehalds- og utviklingsplanen, men også frå investeringsplan eller brukarfinansierte prosjekt. Fagområde består for tida av 7 prosjektleiarar, 1 fagansvarleg, 1 prosjektøkonom, samt leiar.
Ansvarsområde:
- Vere ein profesjonell prosjektorganisasjon.
- Byggherreansvar for eigne prosjekt. Dette inneber blant anna ivaretaking av tryggleik, helse og arbeidsmiljø (SHA) etter Byggherreforskrifta i byggeprosjekta, samt NTNU sin kontraktspart i byggekontraktar.
- Sørgje for at byggeprosjekta oppfyller offentlege lovkrav.
- Ivaretaking av NTNU sine strategiske mål i eigne byggeprosjekt, til dømes kvalitetsmål for bygg og utomhus samt miljømål.
- Sørgje for god brukarmedverknad i byggeprosjekt som fagområdet har ansvar for slik at dei ferdige resultata får god funksjonalitet og anvendelegheit til det beste for NTNU.
- Økonomiansvar for eigne prosjekt, både på porteføljenivå og i enkeltprosjekt.
- Vere ein profesjonell og god rådgjevar innanfor byggeprosjekt for den øvrige organisasjonen.
Leiar for fagområde prosjekt er Eivind Gangås.