Oppgave nr: BRANN2

Bakgrunn:

Svømmehall er ein kompleks bygningstype med mange tekniske system og eit krevjande innemiljø. På trass av det krevjande innemiljøet, og dermed det store behov for robuste løysingar, er det ikkje konsensus i bransjen innan utforming av anlegg og val av konsept. Dette gjeld uansett fag, og også for val av brannkonsept. Det blir i byggeprosjekt valt ulike løysingar, både med tanke på ventilasjonskonsept og røykevakuering, rømningsveg og ikkje minst type slokkeanlegg. For sistnemnte ser ein for eksempel ein del anlegg vert levert med automatisk slukkeanlegg (fullsprinkla svømmehall). Dette er eit eksempel på eit strategisk val som påfører byggeigar potensielt store driftskostnader og utfordringar i drift, utan at det nødvendigvis tener formålet. Oppgåva har til hensikt å gjennomgå krav og behov for denne bygningstypen med fokus på robuste løysingar og i kva grad eigar/brukars medverknad kan påverke dette.  Studenten skal analysere alle grensebetingelsar for vurderingane og komme med forslag til konsept for ulike case. I oppgåva inngår det også ei kartlegging eit begrensa utval eksisterande bygg.

Kort beskrivelse av oppgaven:

  • Litteraturstudie
  • Innsamling av kunnskap frå idrettsanlegg. State-of-the-art for dagens anlegg og gjennomgang av inntrufne branner
  • Gjennomgang av dagens rammer, krav, standardverk og anbefalingar for val av brannkonsept.
  • Internasjonal praksis
  • Historisk utvikling av presentasjon av konsept.
  • Analyse av rammer, krav, standardverk med mål om å definere rammebetingelsar for ulike typar svømmeanlegg

Oppgåveforslag er inkl. utarbeidelse av utkast til vitskapeleg artikkel og fellespresentasjon for NTNU SIAT og COWI etter innlevert oppgåve.


Antall studenter: 1

Kontaktperson ved IBM: Anne Steen-Hansen anne.steen-hansen@ntnu.no  og Ole Øiene Smedegård (SIAT) ole.smedegard@ntnu.no

Ekstern samarbeidspartner: COWI


  • No labels