Bruk av fjernmålingsdata er i dag og framover et viktig verktøy for generell vassdragsforvaltning. Utvikling av LiDAR i form av grøn laser data gjer det mogleg å utvikling av terrengmodeller av vassdrag for heilskapleg vurdering og modellering av hydrauliske forhold. Verktøyet gjer det og mogleg å vurdere bio-fysiske forhold med en tverrfagleg tilnærming som tidlegare ikkje var mogleg. 

Kvina (Agder fylke, Sør Norge) er nylig kartlagt med grøn laser data- ALB (Air LiDAR Bathymetry). Kvina som regulert vassdrag vil nå vurderes med fysiske tiltak for å betre miljøforhold i vassdraget. Dette gjelder særskilt på anadrom strekning med to lokale vannkraftverk. Overordnet føremål med arbeidet vil vere å etablere en hydraulisk modell for en delstrekning av Kvina, og simulere vassdekt areal for ulike vassføringar. En viktig del av arbeidet vil også vere å validere ALB data gjennom samanlikning av manuelt målte data med RTK-GPS med laser data. Arbeidet vil være viktig input for lokal forvaltning og framtidige tiltak. 

Prosjekt vil verte gjennomført som eit samarbeid mellom NTNU ved Knut Alfredsen og Universitetet Sør-Øst Norge ved Morten Stickler. Det lokale forvaltningslaget Kvina elveeigarlag vil være oppdragsgjevar. Studentoppgåva vil innehalde følgjande delar: 

  1. Dataprosessering og klargjering for bruk i HEC-RAS. Det er ein føresetnad for prosjektet at måledata frå NVE på LAS format er gjort tilgjengeleg. Det trengs både data for geometrien til elva og for vassflata med tanke på vurdering av om modellen reknar rett.
  2. Oppsett av modellen og kalibrering mot observert vassflate. Arbeidet her er tilrettelegging av modellen sine berekningselement og tilpassing av modellparametre slik at modellen på best mogleg måte simulerer den vassflata som er observert under målinga med grøn laser. Her vil vi og bruke eigne data for å verifisere modellen.
  3. Køyring av ulike vassføringar (lavvassføring, middelvassøring) for simulering av vassdekt areal og vurdering av endringar i hydrauliske tilhøve (t.d. vassdjup, vasshastighet). 
  4. Feltarbeid i Kvina for å måle inn kontrollpunkt for vurdering av vasslinje ved hjelp av GPS og samstundes lage eit sett med georefererte ortofoto ved hjelp av drone for å ytterlegare vurdere kor god modellen er. Dette må vi fortrinnsvis gjeres på låg vassføring en gong i løpet av våren.
  5. Om mogleg skal data frå modellen kombinerast med registrerte gyteområder og gjennomføre vurdering av effektar frå endra vassføring på gyteområder for laks (Atlantisk laks). 

Budsjett: Dekkes av lokale elveierlaget.

 

  • No labels