Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.

Tittel: Kantbjelke i trebjelkelag; eit skjult fuktproblem?

Bakgrunn: I lette bindingsverkskonstruksjonar med mellombjelkelag av tre er det vanleg å avslutte den innvendige dampsperra over og under mellombjelkelaget. Det gjer at det ikkje er noko innvendig dampsperre i bjelkelaget sitt areal. Her er avstanden mellom inne- og uteklima kort, og vanndamp frå innelufta kan diffundere utover i veggkonstruksjonen. Ei masteroppgåve frå 2020 avdekka gjennom fuktberekningar at konstruksjonsløysninga kan gi oppfukting av trebjelkelaget sin kantbjelke. Sjå figuren under. Ein fuktig kantbjelke kan oppleve problem med muggvekst. I tillegg vil ein fuktig kantbjelke svelle og derfor endre dimensjon samanlikna med resten av trebjelkelaget, noko som lett gir skeive golv.

I samband med Norgeshus sitt innovasjonsprosjekt Verktøykasse for klimatilpasning av boliger har vi instrumentert tre alternative løysningar for kantbjelke i eit hus i Rakkestad. Fukt- og temperatursensorar vart monterte under oppføring av bygget medio november 2022, og vi har overvaka utviklinga sidan da. Innflytting vil vere rundt 1.juni 2023.

Image Added

Samankoplinga mellom trebjelkelag og yttervegg av tre er eit utfordrande punkt med tanke på å unngå fuktproblem.

Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva vil bli utført i samarbeid med forskingsprosjektet Verktøykasse for klimatilpasset boligog går ut på å evaluere dei tre alternative utformingane for kantbjelken

Bakgrunn: Strengare krav til lufttettheit til ein bygning har bidratt til eit mylder av forskjellige teipprodukt på den norske marknaden. I det nye ZEB-laboratoriet til NTNU og SINTEF blir det eksempelvis brukar vi totalt 5,8 km teip fordelt på seks forskjellige typar. Det er ulike teipar til ulike typar vindsperre og til ulike typar dampsperre, òg det blir bruka eigen type teip rundt vindauga.

Med den stadig aukande bruken av teip dukkar det opp fleire spørsmål som: Kor bestandige er dei? Kor godt heftar dei eigentleg til ulike underlag? Korleis er heften påverka av skit og støv på underlaget. Korleis sikrar ein god heft ved bruk i ulike temperaturar? Kva skjer når teipen blir fuktig? Korleis skal ein teste heft til ulike underlag?

Gjennom forskingsprosjekta TightEN og SFI Klima 2050 ved SINTEF og NTNU har vi hatt fleire studentoppgåver det siste året som har sett på bruk av teip. Vi har mellom anna sett at dampmotstanden til vindsperreteip er overraskande høg. Det same gjeld for klebefelt i kombinerte undertak og vindsperrer.

Kort beskriving av oppgåva: Vi ønskar at du fokuserer spesielt på heft-tematikken. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva. I prosjektoppgåva skal du , med fokus på å bli kjent med problemstillinga og sette deg inn i relevant teori. I masteroppgåva vil du gjennom laboratoriearbeid prøve å gi svar på nokre av spørsmåla gitt overdet pågåande feltforsøket.

Oppgåva er ei vidareføring av ei masteroppgåve frå våren 2020 om Lufttetthet i klemte vindsperreskjøter og fuktteknisk analyse av trebjelkelagets kantbjelke.

Talet på studentar på oppgåva:  1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande  Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no
Ekstern samarbeidspartner: SINTEF. og Lars Gullbrekken, SINTEF lars.gullbrekken@sintef.no