Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.

Image Added

Vasstemperatur er ein viktig variabel i mange studier i vassdrag, både for fysiske og miljømessige analyser. Vi har brukbare metoder for å simulere temperatur i elver og sjøar når vi kjenner temperaturen inn i den strekninga vi modellerer, men simulering av temperaturen i vatnet som renn inn i elvene frå terrenget rundt har vi i dag ikkje verkty for å finne. Dette er ein mangel, spesielt med tanke på at vi ønskjer å simulere temperatur i framtida der vi kanskje ikkje kjenner grensebetingelsane for temperatur. Denne oppgåva er todelt, første del går ut på å lage ein modell for å simulere temperatur frå nedbørfelt til elv, medan andre del går ut på å modellere temperatur i elver med utgangspunkt i svært detaljerte geometri og temperaturdata. Det finst fleire ulike oppgåver for bruk av modellen i praksis

Prosjekt:

  • Målekampanje for temperatur i småelver i Sagelva
  • Litteraturgjennomgang av modellar for å simulere temperatur frå nedbørfelt inn i vassdrag.
  • Skisse av modell for å simulere temperatur for nedbørfelt. 

Master:

  • Implementere og teste temperaturmodellen for Sagelva.
  • Sette opp og teste temperatursimulering i eit vassdrag (t.d. Hallingdalselva eller Surna) med detaljerte data.
  • Bruke modellen mot studier – ei vurdering av klimaverknader på vasstemperatur i framtida kan vere eit alternativ, vurdering av reguleringseffekt på temperatur i Hallingdalselva/Surna ein annan
A task related to simulation of water temperature from catchments and into rivers, and water temperature computations in rivers. Effects of climate on temperature is an important component here, and studies of climatic change and temperature effects can be a sub topic. Some interest in programming is beneficial for this task
  • .