Vasstemperatur er ein viktig variabel i mange studier i vassdrag, både for fysiske og miljømessige analyser. Vi har brukbare metoder for å simulere temperatur i elver og sjøar når vi kjenner temperaturen inn i den strekninga vi modellerer, men simulering av temperaturen i vatnet som renn inn i elvene frå terrenget rundt har vi i dag ikkje verkty for å finne. Dette er ein mangel, spesielt med tanke på at vi ønskjer å simulere temperatur i framtida der vi kanskje ikkje kjenner grensebetingelsane for temperatur. Denne oppgåva er todelt, første del går ut på å lage ein modell for å simulere temperatur frå nedbørfelt til elv, medan andre del går ut på å modellere temperatur i elver med utgangspunkt i svært detaljerte geometri og temperaturdata. Det finst fleire ulike oppgåver for bruk av modellen i praksis

Prosjekt:

  • Målekampanje for temperatur i småelver i Sagelva
  • Litteraturgjennomgang av modellar for å simulere temperatur frå nedbørfelt inn i vassdrag.
  • Skisse av modell for å simulere temperatur for nedbørfelt. 

Master:

  • Implementere og teste temperaturmodellen for Sagelva.
  • Sette opp og teste temperatursimulering i eit vassdrag (t.d. Hallingdalselva eller Surna) med detaljerte data.
  • Bruke modellen mot studier – ei vurdering av klimaverknader på vasstemperatur i framtida kan vere eit alternativ, vurdering av reguleringseffekt på temperatur i Hallingdalselva/Surna ein annan.


  • No labels