Bakgrunn: Stortinget har vedtatt mål om å redusere energibruken med 10 TWh i heile bygningsmassen innan 2030 samanlikna med 2015. Bakgrunnen er at bygningar står for over halvparten av straumforbruket i Norge, og straum utgjer nærmare 80% av den totale energibruken i bygg. Her går den største delen av straumforbruket til oppvarming.
Skal vi klare målet om redusert energibruk må vi akselerere energioppgraderinga av eksisterande bygningsmasse kraftig. I dag blir dei fleste etterisoleringsprosjekt utført som individuelle prosjekt. I staden må vi snarleg over i meir industrialisert etterisolering i form av prefabrikkerte vegg- og takelement for utvendig montering på eksisterande bygningar. Andre land som Estland, har meir erfaring enn Norge med dette. Sentrale utfordringar er tilpassing av elementa til det enkelte bygget, forankring til eksisterande vegg, tilstrekkeleg luft- og damptetting, overgangsdetaljar og logistikk.
Eksempel frå Estland der bustadblokka til venstre er etterisolert ved bruk av veggelement som er montert utanpå den eksisterande ytterveggen. Tilsvarande uoppgradert blokk til høgre.
Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva er eit litteraturstudie eventuelt supplert med intervju med mål om å kartlegge kunnskapsstatus for industrialisert etterisolering av eksisterande bygningar. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva, med fokus på å bli kjent med problemstillinga.
Talet på studentar på oppgåva: 1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no