Kritikk mot kulturforskarar
- Samfunnsforskinga som føregår
på universiteta held utan tvil internasjonale mål, seier Jan
Brøgger, professor i sosialantropologi ved NTNU.
ARKIVFOTO
I ei alternativ forskingsmelding rettar
Det Norske Videnskaps-Akademi kritikk mot kvaliteten på humanistisk-
og samfunnsforsking. Forskarane er forbausa over kritikken.
- Det ser ut til å vera liten samanhang mellom den faglege kvaliteten
til forskingsmiljøa målt på den internasjonale skalaen,
og den merksemda fagmiljøa greier å skaffa seg i norske media,
skriv Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA) i si forskingsmelding «Norsk
forskning ved sekelskiftet» om kvaliteten på norske forskarar.
DNVA rettar ein spesifikk kritikk mot kvaliteten på humanistisk-
og samfunnsforsking. Meldinga meiner at forskinga i fag som historie, etnologi,
nordistikk, folkloristikk, medie-, teater- og musikkvitskap er for nasjonalt
orientert og at det i nokre av desse faga blir lagt for stor vekt på
formidling til norsk ålmente. DNVA peikar også på at
mange samfunnsfag, som sosialantropologi, sosiologi, statsvitskapen med
fleire, har eit internasjonalt forskingsnivå å forholda seg
til.
- Når mange forskarar i desse faga framleis publiserer på
norsk, er dette eit teikn på at forskinga ikkje held internasjonale
kvalitetsmål, skriv Det Norske Videnskaps-Akademi i meldinga si.
Forbausa Brøgger
Jan Brøgger, professor i sosialantropologi ved NTNU, er forbausa
over DNVA sine konklusjonar.
- Samfunnsforskinga som føregår på universiteta held
utan tvil internasjonale mål. I det faget eg har mest greie på,
sosialantropologi, ligg den norske forskinga heilt i teten og har vore
leiiande i den teoretiske debatten, hevdar Brøgger som viser til
talet på siteringar i internasjonale tidsskrift, publikasjonar og
artiklar i høgt skatta tidsskift. Han trekkjer fram Fredrik Barth
og Johan Galtung som norske forskarar i eliteklassen.
Også Torbjørn Knutsen, fyrsteamanuensis i statsvitskap
ved NTNU som har mange års forskarerfaring frå USA, er usamd
med kritikken frå DNVA.
- Magekjensla mi seier at kvaliteten på norske forskingsprosjekt
ikkje ligg under utanlandske, men eg trur norske forskarar ikkje er flinke
nok til å skriva. Det blir stilt relativt små krav til publisering
i Norge. Norske forskarar skriv relativt lite, og når dei skriv,
blir det ofte mykje interne rapportar eller konferanseartiklar som ikkje
når ut over heime-institusjonen. Her har me mykje å læra
av andre, spesielt britar og amerikanarar som legg stor vekt på å
publisera i internasjonale tidsskrift, hevdar Torbjørn Knutsen.
Han støttar SVT-fakultetet si ordning med at doktorgradsstudentane
? i staden for å skriva éi stor avhandling ? kan publisera
ei handfull kortare artiklar i slike tidsskrift.
- Denne ordninga er positiv på den måten at kvaliteten på
stipendiatane sitt forskingsarbeid blir vurdert av anonyme dommarar, av
fagfellar som er innbeden til å vera vurderaren til tidsskriftet.
Dermed er det ikkje berre forholdet til personane i komiteen som avgjer
vurderinga, seier Knutsen.
Gunstig for samfunnsforsking
Brøgger meiner at samfunnsforskinga i Norge etter siste krig
har fått spesielt gode rammevilkår.
- Det norske arbeidarpartiet trudde på samfunnsplanleggjinga som
eit vitskapleg prosjekt, ikkje minst innan økonomi. Dette har ført
til stor breidde i norsk samfunnsforsking, seier Brøgger.
Norge er eitt av få land der samfunnsfaga og humaniora sin del
av forskingsressursane samla er over 10 prosent av dei totale forskingsressursane,
som er på 18 milliardar i 1999. Brøgger meiner likevel at
det ikkje er spesielt lett å hevda seg i samfunnsforskinga, og hevdar
konkurransen om forskarstillingane er stor. Han trur det likevel kan vera
noko i DNVA sin påstand at det er liten samanhang mellom den faglege
kvaliteten til forskingsmiljøa målt på den internasjonale
skalaen og den merksemda fagmiljøa greier å skaffa seg i norske
media.
- Somme samfunnsvitskaplege miljø har lett tilgang på massemedia,
til dømes Forskningsstiftelsen Fafo som med LO i ryggen har klippekort
i NRK. Media er også ute etter oppslag, og då kan ei gallup-undersøking
få breiare plass enn eit teoretisk gjennombrot i kulturteori.
- Kan dette føra til at forskinga ikkje lenger blir sett på
som den same objektive premiss- og kunnskapsleverandør til samfunnet
som tidlegare?
- Ja, dessverre. Eg trur me må trekkja opp eit skilje mellom forsking
og vitskap, seier Brøgger.
For mykje soloforsking
Det Norske Videnskaps-Akademi hevdar at humaniora og samfunnsfaga i
Norge har hatt ein individuell forskingstradisjon med lite samforfattarskap
eller organisering i forskingsgrupper.
- Frå hovudfagsnivå og oppover har forskarane ofte arbeida
individuelt med sitt eige prosjekt og som regel ikkje hatt kontakt med
prosjekta til kollegaene, skriv DNVA. Det Norske Videnskaps-Akademi meiner
at mange miljø og forskingsgrupper er for små i dag, og at
dei fast vitskapleg tilsette innan humaniora og samfunnsfaga ved universitet
vil kunne effektivisera og auka kvaliteten på forskinga ved å
i større grad organisera forskinga i grupper.
- Rapporten har nok rett på dette punktet, seier Torbjørn
Knutsen som støttar samarbeidstanken. Han vil likevel presisera
to tilhøve.
- For det første er samarbeid lettare i klart emprisk-baserte
prosjekt og har alltid vore vanlegast i naturvitskapane og i kvantitative
samfunnsfag. Viss samfunnsfaga og humaniora skal pressast inn i gruppearbeid,
kan dette driva desse faga inn i eit naturvitskapleg ideal som er ein hemsko
for prosjekt som fell utanfor den positivistiske kunnskapstradisjonen.
For det andre meiner Knutsen at under forskarutdanninga er det individet
sin eigenproduksjon som i praksis tel mest.
- Du blir vurdert som jobbsøkjar, stipendsøkjar og for
opprykk i første rekkje ut frå det du har skrive sjølv.
Jan Brøgger peiker på at mykje av den humanistiske forskinga
og samfunnsforskinga med sin hermeneutiske orientering må bli individuelt
orientert.
- Men me har døme på det motsette: Den store maktutgreiinga
var eit prosjekt med mange medarbeidarar under Gudmund Hernes si leiing
og difor av den typen Videnskapsakademiet set pris på.
- Eignar den humanistiske og samfunnsvitskaplege forskinga seg ?
av natur ? betre som individuell forsking enn som gruppeforsking?
- Ja, gruppetenkning fungerer ikkje i hermeneutiske, fortolkande prosjekt.
Eit forskingsmiljø med dialog er likevel viktig, seier Jan Brøgger.
Fakta
Regjeringa la fram stortingsmeldinga «Forskning ved eit tidsskille»
11. juni i år. 27. september vil Det Norske Videnskaps-Akademi leggja
fram sitt forskingspolitiske dokument «Norsk forskning ved sekelskiftet».
Medan stortingsmeldinga har hatt hovudvekt på anvendt og næringslivsretta
forsking, har Det Norske Videnskaps-Akademi sett fokuset på grunnforskinga.
«Norsk forskning ved sekelskiftet» dekkjer også det forskingsinterne
grundigare enn stortingsmeldinga. Det Norske Videnskaps-Akademi påstår
å ha dei fremste forskarane i landet blant sine medlemmar og meiner
på denne bakgrunn å ha «særdeles gode forutsetninger
for å kunne uttale seg med autortiet om styrken og svakheten til
norsk forsking og til organiseringen av norsk forsking. |
I meldinga rettar Videnskapsakademiet kritikk
mot kvaliteten på den humanistiske og samfunnsfaglege forskinga.
Akademiet vil dessutan ha ei meir effektiv forskarutdanning. Stipendiatane
fryktar det blir eit rotterace
|