 |
|
- Kvaliteten på ein doktorgrad
må vera det viktigaste, ikkje den samla tida ein brukar
på å få seg ei utdanning, seier doktorgradskandidat
Jens Haugan. |
|
|
|
Snarveg til doktorgrad
Det Norske Videnskaps-Akademi vil ha ei meir effektiv forskarutdanning
og går i inn for at studentar i visse fag kan ta til på
doktorgradsstudium direkte etter cand.mag.
Det Norske Videnskaps Akademi (DNVA) vil ha ei meir effektiv
forskarutdanning og føresler i sitt forskingspolitiske
dokument «Norsk forskning ved sekelskiftet» at doktorgrads-
og hovudfagsstudium skal bli to parallelle studievegar med ulik
profil og lengd.
- Ei internasjonalisering av gradssystemet bør også vurderast,
skriv DNVA og viser til den anglo-amerikanske tradisjonen, og også
til Sverige, der det er høve til å starta på eit doktorgradsarbeid
frå cand.mag.-nivå (bachelorgrad).
- Dette er den vanlegaste vegen inn i forsking i desse landa. Studium
på hovudfagsnivå (mastergrad) blir teke av dei som ønskjer
noko forskingserfaring utan å ta sikte på ei forskarkarriere,
skriv DNVA, men peikar samstudes på at det i mange fag vil vera unaturleg
å starta på ein doktorgrad etter fireårige lågare
grads studium (cand.mag/bachelor). DNVA sler difor fast at det også
må vera høve til å starta på eit doktorgradsstudium
etter ein hovudfagseksamen.
Skepsis
Jens Haugan, tidlegare leiar i DION (Doktorgradskandidatanes interesseorganisasjon
ved NTNU), er skeptisk til forslaget frå DNVA så lenge det
er grunngjeve i effektivitetsomsyn:
- Kvaliteten på ein doktorgrad må vera det viktigaste, ikkje
den samla tida ein brukar på å få seg ei utdanning. Ein
norsk cand.mag.-grad kan i spesielle tilfelle takast med mindre enn 50
sider sjølvprodusert tekst, når ein ser bort frå eksamensoppgåvene.
Det betyr at ein har minimal skrivetrening før ein eventuelt startar
på ein doktorgrad. Hovudfaget fungerer som ei kvalifisering til forsking
som sikrar eit godt grunnlag, hevdar den tidlegare stipendiaten ved Institutt
for nordistikk og litteraturvitskap. Haugan spør seg kva kriterium
som skal brukast for å vurdere om ein student på cand.mag.-nivå
er spesielt «flink» og fortener å ta ein doktorgrad.
- Eit anna viktig poeng er at eit hovudfag trass alt kvalifiserer til
eit lektorat dersom ein tek den praktisk-pedagogiske utdanninga i tillegg,
seier Haugan som meiner at med dagens opplegg for dr.art.-graden ved HF-fakultetet,
ville undervisningstilbodet vere altfor dårleg til å kunne
kompensere for eit manglande hovudfag.
Undervisningsplikt
I 1993 vart det gjennomført ei doktorgradsreform i Norge. I følgje
DNVA er
resultatet av reforma vellukka. Ein NIFU-rapport får 1997 viste
til dømes at fleire stipendiatar fullfører doktorgraden,
og at dei brukar kortare tid enn tidlegare. DNVA påpeikar likevel
at tidsnormeringa på tre år er eit problem.
- Forskarutdanninga kan nok
effektivt sett ta tre år, men dette er ofte ikkje tilstrekkeleg
for ein naudsynt fagleg modning, seier DNVA i si forskingsmelding. Vitenskap-Akademiet
etterlyser også krav til stipendiatar til å driva undervising.
- Undervising gjev breiare fagleg innsikt og nyttig pedagogisk erfaring
for dei som vil halda fram ved universitetet. Dessutan har universiteta
behov for denne undervisninga, skriv DNVA og føresler difor 4 års
tilsetjingar med undervisningsplikt. Stipendiatane sjølv er delte
i denne saka:
- Dei fleste stipendiatgruppene ønskjer seg eit fireårsstipend
på grunn av tidspress. DION meiner dessutan at det er ein fordel
å få undervisningserfaring under stipendperioden. Det finst
derimot òg grupper som ønskjer at eit eventuelt fjerde år
burde vere valfritt. Ein grunn er til dømes at lønna som
stipendiat er relativt dårleg, og for mange er det ingen grunn til
å halde på med stipendiatperioden for lenge når det ventar
ein betre betalt jobb etterpå, seier Jens Haugan.
Kykje-, utdannings- og forskningsdepartementet (KUF) vil ikkje kommentera
forslaga frå DNVA før «Norsk forskning ved sekelskiftet»
føreligg offentleg.
NORALV PEDERSEN
SISSEL MYKLEBUST (FOTO)
|