Kart - Spesialsamlinger - UB
Kart
Gunnerusbiblioteket har over 30 000 kart i samlinga vår, og av desse er ca. 350 handteikna kart (kartmanuskript). Desse handteikna karta strekk seg tilbake til slutten av 1600-talet. Mange av karta er unike og varierer i innhald og geografisk utstrekning. Opphavet til den eldste delen av kartsamlinga vår er Christopher Hammers testamentariske gåve i 1801 og andre givarar i åra etter at biblioteket blei grunnlagt. I tillegg finst det fleire kart som er ein del av andre samlingar biblioteket har mottatt. Etter kvart blei kartsamlinga utvida med trykte kart, og det utgjer i dag hovudtyngda av karta i samlinga vår.
Gunnerusbiblioteket har skanna dei fleste handteikna karta i samlinga vår slik at interesserte kan nytte seg av dei, sjå lenke under.
Les meir om Gunnerusbibliotekets kartsamling i artikkelen til Per-Olav Broback Rasch: Historisk kartsamling i Trondheim.
Søk kart i Oria – avgrens søket til NTNU Universitetsbiblioteket, vel materialtype “kart”, og søk til dømes på stadnamn.