Historisk arkiv - Spesialsamlinger - UB
Historisk arkiv
NTNU Universitetsbiblioteket oppbevarer over 500 privatarkiv ved Gunnerusbiblioteket og Dorabiblioteket. Arkiva er fritt tilgjengelege for bruk på lesesalane våre, og materialet er berre unntaksvis klausulert. Samlingane består av arkiv frå ei rekke område: kunnskaps- og vitskapshistorie, kulturhistorie, bedriftsarkiv, foreiningsarkiv og ulike personarkiv.
Dei vitskapshistoriske arkiva våre er i hovudsak arkiv etter tilsette ved NTNU og forløparane til NTNU. Mellom anna blir arkiv etter nobelprisvinnar i kjemi Lars Onsager, arkitekt og byplanleggjar Sverre Pedersen og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) oppbevarte her, og av desse er dei to siste innlemma i Norges dokumentarv.
Søk i arkivkatalogane våre
Du kan søke i arkivkatalogane våre gjennom den nasjonale samkatalogen Arkivportalen, der over 70 arkivinstitusjonar publiserer sine katalogar. Universitetsbibliotekets privatarkiv ved NTNU Universitetsbiblioteket på Arkivportalen (sortert stigende på arkiv).
Gjennom arkivportalen kan du bestille arkivmateriale til lesesal (Dora og Gunnerusbiblioteket) eller digitale kopiar.
Dersom du ikkje finn det du leitar etter, må du gjerne ta kontakt med oss for rettleiing.
Avlevere privatarkiv?
NTNU Universitetsbiblioteket tar imot og bevarer
- vitskaplege privatarkiv skapt i trøndelagsregionen som er av forskingsmessig relevans for fagområda ved NTNU
- privatarkiv skapt av noverande og tidlegare tilsette og studentar ved NTNU
- privatarkiv etter Trøndelag teater
- privatarkiv som høyrer til samlingar som NTNU Vitskapsmuseet oppbevarer eller mottar
- privatarkiv etter arkitektar og arkitektselskap i trøndelagsregionen
- privatarkiv etter NTNUs samarbeidspartnarar som ikkje er avleveringspliktige til annan arkivinstitusjon
- fotografi, amatørfotografi og andre bildesamlingar
Dersom du ønsker å avlevere arkiv til NTNU Universitetsbiblioteket eller få ytterlegare informasjon, kontakt Erlend Lund, eller e-post til privatarkiv@ub.ntnu.no
Standardkontrakt mellom givar av arkivmateriale og biblioteket