prosjekter - intro

Prosjekt

(Sjå eiga side for tidlegare prosjekt)

NTNU Universitetsbiblioteket ønskjer å tilby moderne bibliotektenester, og det er til kvar tid engasjert i ulike prosjekt. Prosjekta stør opp under følgjande tema:

  • Forsking og publisering
  • Innovativ utdanning og innovative læringsmiljø
  • Tilgjenge og digitalt innhald
  • Kompetanse og organisasjonsutvikling

prosjekter - prosjekter

Pågåande prosjekt

 

Verda på norsk: ei digital utforsking av bibliomigrasjon og meldingar av omsett skjønnlitteratur (2023-2024)

I prosjektet «Verda på norsk» vil vi bidra til bibliotekutvikling på feltet digital humaniora (DH) i form av auka samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og fleire fag- og forskingsbibliotek. Digitale verktøy og metodar har opna for nye utsikter innanfor forsking på litteratur og språk, og gjort det enklare for forskarar å ta tak i, og nyttiggjere seg, store datainnsamlingar.

I dette prosjektet vil vi leggje til rette for auka bruk av digital humaniora i akademia og biblioteka. Vi skal skape to opne digitale fagressursar:

  • Eit digitalt, interaktivt kart som sporar korleis omsett litteratur blir spreidd frå heile verda til Noreg (bibliomigrasjonsmønster)
  • Eit dynamisk korpus av utvalde norske avismeldingar av omsett skjønnlitteratur

Les meir om prosjektet
Prosjektleiar: Inger Hesjevoll Schmidt-Melbye 


Forskingsdata (2021-25)

Målet med prosjektet er å sikre at forskarar og studentar har nødvendige verktøy, tenester og e-infrastruktur for å kunne handtere data i forskinga si på ein praktisk og sikker måte, i tillegg til at ein legg til rette for open og FAIR forsking. Prosjektet tek for seg trygg og sikker handtering av forskingsdata gjennom helse livssyklusen: frå innsamling, lagring, analyse og tilarbeiding, til arkivering, sletting eller publisering.

I 2023 jobbar prosjektet blant anna med løysingar for digitale intervju med fortrulege data, personvern i studentoppgåver, Git-verktøy for versjonskontroll, elektronisk labjournal og automatisk transkribering (gjennom programmet Whisper).

Forskingsdata er ein del av Digitaliseringsprogrammet ved NTNU.


Prosjektside Forskingsdata 
Prosjektleiar: Ingrid Heggland


Laibro: Kunstig intelligens, ekte bibliotek (2023-24)

Målet med prosjektet er å stake ut en felles kurs for hvordan NTNU Universitetsbiblioteket skal forholde seg til de mange mulighetene og utfordringene som kunstig intelligens medfører, i tråd med NTNUs politikk og føringer. Hensikten er at NTNU UB skal fortsette å være en tilpasningsdyktig og verdifull ressurs for hele universitetet og en aktiv bidragsyter i utvikling som omgir biblioteksektoren.

Prosjektet har som delmål å:

  • Danne det nødvendige kunnskapsgrunnlaget
  • Gi en omforent forståelse av UBs perspektiver rundt temaet
  • Gi ledelsen ved Universitetsbiblioteket anbefalinger for videre handling
     

Prosjektside med mandat: Prosjekt Laibro: Kunstig intelligens, ekte bibliotek
Prosjektleiar: Leticia Antunes Nogueira


Banner med tittel: Recovery of cultural heritage through higher education driven open innovation-eCHOing

 

eCHOing ERASMUS+ project (2022-2024)

Recovery of cultural heritage through higher education driven open innovation-eCHOing

eChoing er eit Erasmus+-prosjekt som er organisert for å knyte saman institusjonar for høgare utdanning (HEIs) og Kulturminneorganisasjonar (CHO-ar) gjennom opne innovasjonsmetodar mellom tilsette og studentar. Prosjektet starta i januar 2022 og blir avslutta i juni 2024 og NTNU UB er koordinator for prosjektet. Open innovasjon (OI) er ein prosess der ein ny idé, ei eining eller ein metode løyser eit bestemt problem på ein måte som gjev meining for ein person eller ei gruppe, ved hjelp av moderne teknologi. Openheit gjev dermed deltakarane høve til å engasjere seg og tene eit sosialt føremål ved å delta i digitalt forbetra aktivitetar. Slike aktivitetar inkluderer hacktivisme (aktivisme ved hjelp av hacking for eit sosialt føremål), Maker-bevegelse (DIY-teknologibaserte oppfinningar), borgarvitskap (deltaking av borgarar i ei vitskapleg forsking) og publikumsinitiativ (som crowdfunding og crowdsourcing).

Dei seks partnarane i høgare utdanning kjem frå alle dei fem europeiske partnarlanda, som inkluderer: Noreg (NTNU), Italia (SA), Bulgaria (SU), Estland (TARTU ULIKOOL) og Hellas (OSYGY og Web2Learn). Kvar partnar vil vere ansvarleg for ein bestemt aktivitet som vil bidra til å lette prosessen med prosjektet. Alle partnarar vil vere vertskap for webinar og seminar som er opne for alle. Alle oppgåver som er tildelte, vil ha eitt felles mål: engasjementet til HEIs for å fremje kulturarv med berekraftig praksis og med det moderne preget av teknologi og innovasjon.

Med deltaking frå HEIs og små eller mellomstore kulturarvorganisasjonar (CHO-ar), som universitet, tilsette og studentar, lokale og nasjonale museum, kulturklubbar og foreiningar, lokale læringssenter og bibliotek, og ved hjelp av OI, kan vi skape meir moderne, innovative og berekraftige undervisningsmetodar innanfor ein mangfaldig kultur som er sosialt ansvarleg.

Etter å ha analysert og funne praksisar der kulturarv og CHO-ar dreg nytte av innovative prosjekt, kan vi deretter tilby dei riktige metodane, verktøya og undervisningspraksisane til HEIs, deira tilsette, deira studentar og alle som er villige til å lære og vekse. På den måten vil studentane kunne nyte, og aktivt delta i å utvikle kunnskapane og dei faglege ferdigheitene sine, og dermed forbetre den generelle læringsopplevinga si under pandemien.

Logo eCHOing

NTNU UB Ledende institusjon. Koordinator: Alexandra Angeletaki, NTNU UB Trondheim
NTNU eCHOing team: Paula Rice Ass. Prof ved NTNU Ålesund, Inga Buset Langfeltd Hovedbibliotekar, NTNU UB Ålesund, Linda Katrin Myren Vada, economy advisor NTNU Ålesund
LINK: https://www.ntnu.edu/echoing
Twitter: @eCHOing_EU


Gerhard Schøning 300 år i 2022

Maleri av Gerhard Schøning

Prosjektet er eit samarbeid saman med Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS).

I 2022 er det 300 år sidan historikar og grunnleggjar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Gerhard Schøning (1722-80) vart fødd.

NTNU Universitetsbiblioteket sine samlingar og historie går tilbake til Schøning og Selskabet. Schøning var rektor ved Katedralskolen 1751-65, grunnla Selskapet i 1760 og drog på Noregsreise på Kongen si rekning 1773-75. Død i København 1780 som Riksarkivar i Danmark-Noreg. Saman med fleire forskarar frå NTNU, NDR, UiO og UiT vil prosjektet sjå nærare på kva Schøning har hatt å seie for Trondheim, Trøndelag og Noreg.

Det blir arrangert fagseminar, byvandring og busstur til Byneset i Trondheim 3. og 4. mai 2022. Vidare blir det planlagt for artikkelsamling av innlegga på fagseminaret i 2023.

Sjå nettsida, Gerhard Schøning, for program, presentasjon av kva Schøning har hatt å seie for NTNU og Universitetsbiblioteket, vitskaplege arbeid, og digitaliserte kart og teikningar.


SkjermTREFF (2021-)

Er møtet med brukaren i universitets- og høgskulebibliotek ved eit vegskilje? Prosjektet er 2-årig og delfinansiert av Nasjonalbiblioteket. Oppstart er 15. august 2021. Prosjektet skal utforske NTNU Universitetsbiblioteket sitt digitale tilbod Det virtuelle biblioteket (DVB) med spesielt fokus på møtet med brukaren i virtuelle skranke- og rettleiingssituasjonar. Vi skal også trekkje samanlikningar med det fysiske brukarmøtet ut frå kunnskap utvikla i TREFF-prosjektet. Kunnskapsgrunnlaget skal bidra til å vidareutvikle både det fysiske og det virtuelle brukarmøtet på NTNU Universitetsbiblioteket.

Les meir om SkjermTREFF


27 jun 2024