Samlinger - Biblioteket Gjøvik - UB
Universitetsbiblioteket (UB) i Gjøvik har eit breitt utval trykte og digitale kjelder innan helse- og omsorgsfag, teknologi, naturvitskap, medieteknologi, informatikk, økonomi, design med meir. Den største delen av samlinga er i elektronisk form, slik som artiklar, e-bøker og oppslagsverk.
Fagressursar
Du finn ei oversikt over og tilgang til databasane som biblioteket abonnerar på i søkeportalen Oria.
Som student har du tilgang til desse databasane på campus eller via VPN.
Bruk fagbloggane i faget ditt for informasjon om databasar, sentrale e-ressurser, relevante kurs og nyhende.
Treng du hjelp til databasane eller akademisk skriving? Vi har mange instruksjonsvideoar på YouTube-kanalen vår som kan hjelpa deg.
Samlingar i biblioteket
Biblioteket ligg i 2. etasje i Gneis-bygget (G). Her finn du trykte bøker og tidsskrift, oppslagsverk og filmar.
Du finn publiserte bachelor-, master og doktorgradsavhandlingar mm. i fulltekst i det institusjonelle arkivet, NTNU Open.
NTNU har lisens til bildedatabasen Colourbox. Studentar og tilsette kan laste ned inntil 30 bilde i månaden til bruk i ikkje-kommersielle oppgåver, prosjekt, førelesningar, websider osb. Du må ha ein lisenskode for å få tilgang og koden finn du på Innsida. Lisensen må oppdaterast ein gong i året.
Pensum- og ressurslitteratur
UB Gjøvik har eit eller fleire eksemplar av dei fleste bøker på pensumlistene. Desse står på eiga hylle ved skranken og kan lånast i inntil to veker. Ressurslitteratur står plassert med resten av samlinga, men er merka med grøn tape. Utlånstid er to veker.
Sjå dessutan lånereglane.