Previous Page  43 / 116 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 43 / 116 Next Page
Page Background

43

Demens påverkar ein persons emne til å tenke, hugse, oppfatte ting som skjer og til å ta heilt vanlege

avgjersler i kvardagen. Nedsettinga av dei kognitive funksjonane påverkar i stor grad behova ein har der

ein bur, og svært få av dagens butilbod er tilrettelagd for dette.

Dagens sjukeheimar er prega av lange korridorar og mange etasjar. At dei med framskriden demens

hamnar på ”skjerma avdeling” med låste dører og utan anledning til å bevege seg fritt rundt, heng

ikkje saman med dagens syn på pasientbehandling. Det er viktig at personale, pårørande og ikkje minst

pasienten føler seg trygge i kvardagen, og på same tid må den med demens kunne få oppleve ei kjensle av

fridom og verdigheit. Den fysiske ramma må kommunisere med bebuarane på ein slik måte at bygget ikkje

skapar unødig frustrasjon. Med dei avgrensingane demensomsorgen medfører, korleis kan vi lage rom

som gir moglegheiter framfor hindringar?