Opptak - Reservasjon av studieplass
kindly.ai (jira II-3188)
Reservasjon av studieplass
Reservasjon av studieplass
Etter at du har fått tilbod om plass på eit studium ved NTNU, kan du søkje om å reservere studieplassen. Du kan søkje om å reservere plassen for 1 eller 2 år. Grunnlag for reservasjon kan vere militær- eller sivilteneste, alvorleg sjukdom, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande årsaker.
Når du har fått eit vedtak om reservasjon av studieplass to år fram i tid, er det ikkje mogleg å bruke reservasjonen etter berre eitt år. Dersom noko uventa skjer og du likevel ønskjer å studere etter berre eitt år, skal du søkje opptak på vanleg måte, utan reservasjon.
Det er mogleg å søkje om reservasjon av studieplass for eitt år av gongen. For mange kan dette vere eit meir fleksibelt alternativ.
Slik søkjer du:
1. Takk ja til tilbod om studieplass innen gjeldande svarfrist
- Frist for å søkje om reservasjon er innan 3 veker etter du mottok tilbodet om studieplassen.
- Sjølv om du har fått meir enn eitt tilbod i opptaket, kan du berre reservere éin studieplass.
2. Fyll ut søknadsskjema og legg til vedlegg
Søknadsskjema for reservasjon av studieplass
Skjemaet skal fyllast ut elektronisk, og for å logge inn på skjemaet må du ha norsk fødsels- og personnummer. Viss du ikkje har det, må du senda ein e-post til opptak@ntnu.no for å få tilsendt søknadsskjema.
Når du søkjer om reservasjon av studieplass, må du vita kva fakultet studiet ditt tilhøyrer:
Dokumentasjon
Grunnlaget for søknaden må dokumenterast med tenesteinnkalling, legeattest eller liknande dokumentasjon.
Nyttige lenker
Nyttige lenker
- Språkkrav
- Ledige studieplasser ved NTNU
- Oversikt studier ved NTNU
- Studieavgift for internasjonale studenter
- Ofte stilte spørsmål og svar om opptak
- Søkertall og poenggrenser
- Reservasjon av studieplass
- Politiattest
- Forskrift om opptak til høgare utdanning
- Forskrift om opptak til studier ved NTNU
Kontakt Opptak
Kontakt Opptak
E-post:
opptak@ntnu.no
Telefon:
73 59 77 00
Mandag–fredag 09:00–11:30
Postadresse:
NTNU Enhet for opptak
Postboks 8900 Torgarden
7491 Trondheim.