Hva lærer jeg

Fysisk planlegging - masterstudium

Hva lærer du?

Gruppearbeid vd pulten med kart.
Jahn Ivar Kjølseth/NTNU

Fysisk planlegging tilbyr spesialisering i å forme planar etter plan- og bygningslova. Studentane skal mellom anna utarbeide stedsanalysar, framstille kart og geografiske analyser med GIS-verktøy, jobbe tverrfagleg med å utvikle arealplanar, og presentere dei grafisk i verktøy som Adobe Indesign og Illustrator.

Programmet legg serleg vekt på eit overordna berekraftsperspektiv, samanhengen mellom arealbruk og transport, og bruk av digitale og GIS-baserte verktøy. Undervisninga er ein kombinasjon av teoretiske studiar og praktisk prosjektarbeid.

Kunnskap i praksis

Å studere fysisk planlegging ved NTNU i Trondheim er spesielt interessant fordi byen står midt i ein byutviklingsprosess. Mange område er under planlegging, ein ny sentrumsstrategi for utvikling av Trondheim fram mot 2050 skal utformast, og det er mange aktivitetar som går føre seg i samband med dette. Som student kan du praktisere det du lærer gjennom studiet og også kunne ha innverknad på byutviklinga.

Tverrfaglig samarbeid

Arbeid med fysiske planar krev kompetanse innan mange fagfelt og samarbeid mellom ulike fagområde. Det tverrfaglege aspektet er ivareteke ved at masterprogrammet inneheld stor fagleg breidde og studentane har ulike utdanningsbakgrunnar. Fysisk planlegging møter ofte interessemotsetnader som må handterast gjennom samarbeid og opne planprosessar. Programmet legg derfor stor vekt på prosesskompetanse. Studentane får erfaring i å gjennomføre tverrfaglege planprosessar gjennom prosjektarbeid i grupper.

Denne kompetansen er det eit stort behov for både i offentlege etatar og private verksemder. 

Entreprenørskap, innovasjon og nytenking

Masterprogrammet har tett kontakt opp mot ulike delar av offentlege og private verksemder innan fysisk planlegging, og dei vitskapleg tilsette driv forsking og utvikling innan alle delar av faget. Det er ei tett kopling mellom undervisning og forsking. Og mange reelle caser, prosjektoppgåver og masteroppgåver blir gjennomført i samarbeid med kommunar og andre aktørar innan planlegging.

Ulike bakgrunner

Studiet eignar seg for bachelorkandidatar eller tilsvarande med relevant fagbakgrunn og interesse for fysisk planlegging, tverrfagleg samarbeid, formelle og uformelle planprosessar. Eksempel på udanningsbakgrunn er arealplanlegging, ingeniørfag, formingsfag, transportfag, samfunnsfag, kulturminne, naturforvaltning/økologi, økonomi, administrasjon og leiing, og pedagogikk. Eksempel på relevant praksis er arbeid innan fysisk planlegging og leiar for ein planleggingsrelevant sektor, stab eller institusjon i privat eller offentleg verksemd.

Fullført studium gjev graden master i fysisk planlegging. Studiet er tilgangsavgrensa, med 40 studieplassar.

Forskning

Forskning

Forskningssamarbeid for bedre bylogistikk : Bildet viser varebiler i Trondheim sentrum

Internasjonalt forskningssamarbeid skal gi oss smartere og grønnere bylogistikk

Bedre kunnskap om sammenhengen mellom varelevering og handlemønsteret til folk flest, samt nye måter å løse dette på, er ett av målene i forskningssamarbeidet.

Planleggerne må bli bedre til å snakke med innbyggerne om byutvikling

Byplanleggere må lære av forretningsutviklere, mener forskere ved SINTEF og NTNU. Kunnskap om innbyggernes ønsker, behov og forventninger er helt nødvendig når man skal utvikle et bærekraftig byområde.

 

Hvordan skape inkluderende nabolag?

Mange ulike botilbud på ett sted oppfattes ofte som noe negativt. Men samlokalisering kan også bidra til et bedre lokalmiljø, viser ny forskningsrapport.