Oppbygningen til studiet

Diverse studier - Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap

Studiets oppbygning

Viss du søkjer deg inn på opne emne samfunnsvitskaplege fag, set du sjølv saman studieprogrammet ditt. Du vel då emne ut i frå kva du interesserer deg for, men det er berre mogleg å velje emne som er opne (altså emne som ikkje er tilgangsavgrensa). Du kan søkje blant NTNUs studieprogram for å finne ut kva for nokre opne emne du har høve til å ta. Du vel emne først etter at du har vorte teken opp som student ved NTNU.

Fleire valmoglegheiter

Ved å søkje deg inn på opne emne, får du studierett i eitt år, som svarer til 60 studiepoeng. Sidan det er så mange valmoglegheiter, er det lurt å få hjelp av ein studierettleiar til å setje saman den emnekombinasjonen som passar best. Du finn oversikt over studierettleiarar på kvart enkelt studieprograms nettside.

Eit årsstudium i samfunnsvitskaplege fag kan setjast saman på fleire måtar:

  • Du kan ta valfrie emne på tvers av dei tradisjonelle fagområda etter eige ønske
  • Du kan ta valfrie emne innan eitt spesifikt fagområde
  • Du kan velje emna som utgjer eit årsstudium i eit bestemt fag, til dømes viss du ønskjer å bruke det i ei bachelorgrad eller få undervisningskompetanse i eit skulefag

Praktisk info for deg som skal starte på årsstudiet

Du melder deg opp til emne i Studentweb. Viss du ikkje har studert ved NTNU tidlegare må du vente til du får velkomst-e-post frå NTNU med innloggingsdetaljar. Sjå meir informasjon for nye studentar her.

Korleis bruke emnestudiar seinare i ei bachelorgrad

Viss du har teke emne som svarer til første år i ei bachelorgrad og seinare blir tekne opp til bachelorgrada, kan du få dei emna du har teke innpassa slik at du byrjar rett på andreåret i bacheloren.

Du kan også bruke emna du har teke som breiddeår i ei bachelorgrad viss studieplanen i bachelorstudiet opnar for det.