course-details-portlet

TBBY2010 - Tilstandsregistrering og ledelse av restaureringsprosjekt

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2024/2025

Faglig innhold

I bygningsvernet er tilstandsvurdering og forslag til tiltak av restaureringsobjekta sentralt for å få eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med istandsetting.

For å utføre vurderingar av tilstand er kjennskap til det historiske bygghandverket og relevant materialkunnskap sentralt.

Analyse av skadebilete basert på innsikt i eksisterande konstruksjon kan krevje fagleg samarbeid med andre handverksfag eller tilstøytande fagområde.

Det kan og kreve innsamling av relevant informasjon for arbeidet. Rapportering er sentralt for å få til god gjennomføring av restaureringsprosjekt. Dette kan være ulike typar skriftlege utgreiingar og kommunikasjon med involverte partar som eigar, forvaltning, tilsette eller andre føretak.

Prosessane vil bli studert og drøfta gjennom aktiv deltaking i utvalde restaureringsprosjekt.

Vi vil også studere resultat og erfaringar frå ulike typar restaureringsprosjekt, større i offentleg regi, og mindre i privat regi.

Du vil tileigne deg relevante erfaringar for restaurerings-oppdrag gjennom øvingar og fordjupingsoppgåver.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har bestått emnet er venta å ha følgjande læringsutbytte i høve til studieplanen si beskriving av emnet, definert som kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten har kjennskap til:

  • kulturminneforvaltninga og relevante regelverk for bygningsvernet
  • ulike handverksfag og andre fagmiljø med relevant kompetanse for ulike restaureringsprosjekt, og bestillarkompetanse opp mot desse fagmiljøa

Ferdigheter

Kandidaten kan:

  • gjennomføre bygningsdokumentasjon og tilstandsvurdering med forslag til tiltak ut frå ei vurdering av objektet sine verdiar og kunden sine ynskje
  • kartlegge, identifisere og beskrive vanlege relevante skadar på bygningar og bygningsdelar som utgangspunkt for tiltak i restaureringsarbeid
  • kan veilede handverkarar i restaureringsarbeid med tradisjonelle arbeidsmåtar og leie slikt arbeid i mindre restaureringsprosjekt

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • drøfte bygningsdokumentasjon og tilstandsvurdering i ein kulturminnefaglig kontekst
  • bruke ulike typar bygningsdokumentasjon for å få ulike sluttresultat i restaureringsprosjekt
  • tilpasse faglig dialog til andre fagfelt/ yrkesgrupper

Læringsformer og aktiviteter

Ekskursjonar, feltarbeid, seminar, førelesningar og øvingsoppgåver. Kurset er basert på digitale seminar og konsentrerte studiesamlingar. Aktiv deltaking på samlingane med øvingsoppgåver er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.

Obligatoriske aktivitetar

• Obligatorisk deltaking på samlinger eller digitale seminar/førelesingar

Obligatoriske aktiviteter

  • Deltakelse

Mer om vurdering

Mappevurderinga består av to gruppeoppgåver og to individuelle oppgåver. Mappa vurderes med gradert karakter og alle delar er vekta likt.

Ved gyldig fravær inntil 1 manglende gruppeoppgave/oppgave leveres ny oppgave til ny frist etter avtale med emneansvarlig. Ugyldig fravær/manglende gruppeoppgaver mer enn 1 må emnet tas på nytt neste gang det undervises og ny mappe leveres inn.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Tradisjonelt bygghandverk (FTTRADBYGG)

Kursmateriell

Artiklar vert publisert i læringsplattforma. Forelesningsnotat og eigne notat/dokumentasjon frå feltarbeid.

I tillegg til leseliste vil det bli delt ut materiell i knytt til ekskursjonar og feltarbeid som er relevant for dei aktuelle prosjekta vi studerer.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
TBBY3001 5.0 HØST 2022
TBBY6313 15.0 HØST 2022
TBBY2001 5.0 HØST 2022
TBBY3002 5.0 HØST 2022
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Tredjeårsemner, nivå III

Undervisning

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Byggekunst, historie og teknologi
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for arkitektur og teknologi

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU