course-details-portlet

TBBY1015 - Tradisjonsfaglig utøving stavkonstruksjoner

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2024/2025

Faglig innhold

Dette emnet heng saman med emnet TBBY1014 og TBBY1016 og har også fokus på tradisjonelle stavkonstruksjonar. Tradisjonsfaglig utøving utgjør ein vesentlig del av grunnutdanninga i bachelorløpet i tradisjonelt bygghandverk der læring skjer gjennom eige praktisk arbeid.

Gjennom deltaking og opplæring under rettleiing ved ein læringsarena, skal studenten tileigne seg brei og allsidig innsikt i praktisk arbeid innan tradisjonelt bygghandverk.

I emnet er det lagt opp til prosjektbasert arbeid med rettleiing. Læringsarena i samarbeid med NTNU arbeider fram en prosjektplan som ramme for praksisen på læringsarena.

Prosjektplanen bør ha stavkonstruksjonar som ein vesentleg del, men også andre typar byggjearbeid kan inngå ettersom det høver for læringsarena og studentane.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har kjennskap til:

  • konstruksjonsprinsipp i ulike typar stavkonstruksjonar med bjelkelag og taklag
  • lokale tradisjonelle stavkonstruksjonar og byggjeprinsippa dei er basert på

Ferdigheter

Kandidaten kan:

  • gjennomføre stavbyggjeprosjekt frå uttak av tømmer til ferdig bygg, på eige hand, og som del av eit større arbeidslag
  • merke og hogge vanlege typar skøytar og fellingar for stavkonstruksjonar
  • demonstrere ulike typar arbeid relevant for bygging av tradisjonelle stavkonstruksjonar og vise godt handlag i arbeidet med tradisjonelle handverktøy

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • dokumentere oppbygging og detaljar i tradisjonelle stavbygg
  • bruke ulike typar kjelder for å undersøkje lokal stavbyggtradisjon
  • utvikle eige handverksfaglege nivå gjennom systematisk øving

Læringsformer og aktiviteter

Praktisk prosjektbasert arbeid på læringsarena med fagleg rettleiing og rapportering av utført arbeid. Arbeidet kan også i noko grad bestå av ekskursjonar, feltarbeid, hospitering eller arbeidsseminar.

Aktiv deltaking på i det praktiske arbeidet er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.

Obligatoriske aktivitetar

  • Obligatorisk aktiv deltaking i det praktiske arbeidet i tråd med prosjektplanen
  • Obligatorisk rapport, blogginnlegg eller munnleg presentasjon av valt fordjupingsemne
  • Obligatorisk rapport for gjennomført praksis i tråd med prosjektplan

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatorisk aktiv deltakelse i praktisk arbeid
  • Obligatorisk presentasjon av fordypningsemne
  • Obligatorisk skriftlig praksisrapport

Mer om vurdering

Emnet vert avslutta av ein praktisk arbeidsprøve med gradert karakter.

Ved gyldig fravær må praktisk arbeidsprøve tas til ny frist etter avtale med emneansvarlig. Ved stryk, ugyldig fravær eller frivillig gjentak kan ny prøve avlegges tidligst ved neste eksamensavvikling.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Tradisjonelt bygghandverk (FTTRADBYGG)

Forkunnskapskrav

Ingen forkunnskaper kreves

Kursmateriell

Tilpassa dei enkelte prosjekt på læringsarena. Produkt produsert av studenten som del av praksisprosjekt på læringsarena høyrar til læringsarena om ikkje anna er avtalt med studenten.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
TBBY2003 10.0 HØST 2022
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Grunnleggende emner, nivå I

Undervisning

Ingen

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Byggekunst, historie og teknologi
Kontaktinformasjon

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU