Emne - Introduksjon til stavkonstruksjoner - TBBY1014
TBBY1014 - Introduksjon til stavkonstruksjoner
Om emnet
Undervises ikke studieåret 2024/2025
Faglig innhold
I Noreg har vi ein rik tradisjon med ulike lokale- og regionale typar av tradisjonelle stavkonstruksjonar. Tradisjonelt er mange ulike typar brukshus som ikkje skal vere oppvarma bygd som stavkonstruksjonar. Også kombinasjonar av liggande tømmer og stavar er vanleg mange stader.
Med utgangspunkt i konkrete døme på eldre tradisjonelle stavbygg vil vi gi ei innføring i arbeidsmåtane i bygging av slike bygg. Arbeidet byrjar i skogen der vi vel ut emne med høvelege eigenskapar til dei enkelte delane av bygget. Tømmeret vert så utforma på ulike tradisjonelle måtar slik at det høver som emne til bruk i bygget.
Studentane skal sjølv få høve til å følgje materialane dei har produsert frå skog til ferdig bygg. I arbeidet er det fokus på innføring i bruk av sentrale verktøy som øks, sag, tappjarn, vinkel og ulike tradisjonelle merkeverktøy.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten har kjennskap til:
- konstruksjonsprinsipp i ulike typar stavbygg med bjelkelag og taklag
- verkemåten til dei ulike konstruktive delane av tradisjonelle stavbygg
- ulike kvalitetskrav til material til ulike delar av tradisjonelle stavbygg og takkonstruksjonar
Ferdigheter
Kandidaten kan:
- ta ut egna tømmer og tilverke emne ferdig til bruk i eit stavbygg
- utføre vanlege samanføyingar brukt i tradisjonelle stavkonstruksjonar ved bruk av tradisjonelle arbeidsmåtar og verktøy
- bruke, og halde ved like, tradisjonelle handverktøy brukt til bygging av tradisjonelle stavbygg
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- beskrive dei ulike delane av vanlege stavbygg med tradisjonelle nemningar
Læringsformer og aktiviteter
Studiesamlingar med innføring i det praktiske arbeidet med eigeøving. Øvingsoppgåver, ekskursjonar, feltarbeid, seminar og førelesningar kan inngå.
Kurset er basert på konsentrerte samlingar. Aktiv deltaking på samlingane med følgande øvingsoppgåver er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.
Obligatoriske aktivitetar
- Obligatorisk deltaking på samlingane
- Obligatorisk praktiske øvingsoppgåver
- Obligatoriske oppgåver med skriftleg innlevering
Obligatoriske aktiviteter
- Deltakelse
- Praktiske øvingsoppgaver
- Skriftlige oppgaver
Mer om vurdering
Skriftleg innleveringsoppgåve i slutten av semesteret.
Ved fravær leveres oppgave til ny frist etter avtale med emneansvarlig.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Tradisjonelt bygghandverk (FTTRADBYGG)
Anbefalte forkunnskaper
Gjennomført TBBY1010 introduksjon til tømring for å ha fått grunnleggande innføring i skogsarbeid og uttak av tømmer.
Forkunnskapskrav
No mandatory prerequisites.
Kursmateriell
I tillegg til leseliste vil det bli delt ut materiell i knytt til ekskursjonar og feltarbeid som er relevant for dei aktuelle prosjekta vi studerer. Produkt produsert av studenten som del av øvingsoppgåver eller heimeoppgåver høyrar til institusjonen om ikkje anna er avtalt med studenten.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra | Til |
---|---|---|---|
TBBY2002 | 5.0 | HØST 2022 | |
TBBY2101 | 10.0 | HØST 2022 | |
TBBY6314 | 15.0 | HØST 2024 |
Ingen
Versjon: 1
Studiepoeng:
15.0 SP
Studienivå: Grunnleggende emner, nivå I
Ingen
Undervisningsspråk: Norsk
Sted: Trondheim
- Byggekunst, historie og teknologi
Ansvarlig enhet
Institutt for arkitektur og teknologi
Eksamensinfo
- * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"