course-details-portlet

TBBY1010 - Introduksjon til tømring

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Oppgave
Karakter: Bestått/ Ikke bestått

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Oppgave 100/100

Faglig innhold

I Noreg har vi ein omfattande tømmerhuskultur med lokalt særpreg der dei eldste bevarte husa er opp mot 900 år gamle i enkelte område av landet. Med utgangspunkt i konkrete døme på eldre tradisjonelle tømmerbygningar vil vi gi ei innføring i arbeidsmåtane i bygging av tømmerhus.

Arbeidet byrjar i skogen der vi blir kjend med skogen, vurderer enkelte tre og vel emna til det arbeidet som skal gjerast. Sikkert arbeid med tradisjonell hogst med tradisjonelle reiskap og utkjøring av tømmer vert gjennomgått.

Vidare utforming av emne til veggtømmer, åsar, bjelkar og bord med tradisjonelle arbeidsmåtar er ein sentral del av den fyrste delen av emnet. Eit poeng er at studentane sjølv skal få arbeide vidare med dei materialane dei har produsert frå skog til ferdig vegg.

Verktøylære knytt til både hogst og tømring er med i ulike delar av kurset.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har kjennskap til:

  • skog, ulike vekstområde i skog og korleis dette verkar inn på kvaliteten på trea
  • historisk hogstteknikk og endringar gjennom tida
  • materialuttak og tilverking av tømmer til ulike delar av tømmerhus
  • prinsippa for oppbygging av ulike typar nover i tømring
  • konstruksjonsprinsipp i ulike typar tømmerhus med bjelkelag og taklag
  • vanlege tradisjonelle former for fundamentering og grunnarbeid for tømmerhus
  • vanlege skøytar brukt i tømmerhus
  • vanlege historiske typar av stokkeformer og nover i norsk tømring
  • tradisjonell arbeidsteknikk i tømring
  • den historiske utviklinga av tradisjonelle handverktøy til tømmerhogst og tømring

Ferdigheter

Kandidaten kan:

  • vurdere og ta ut skog og enkelttre opp mot konkrete behov for material
  • felle, kviste og kappe tre med tradisjonelle handverktøy på ein sikker måte
  • ta ut tømmer og tilverke emne til tømring
  • merke og hogge minst ein tradisjonell type nov med tradisjonelle handverktøy

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • kjenne til og formidle kunnskap om sentrale kvalitetskriterie for ulike typar trematerial
  • berekne volum, lengder og kvantum tømmer/material i høve til byggjeprosjekt
  • kvesse øks og sag relevant for skogsarbeid og tømring
  • skjefte øks relevant for skogsarbeid og tømring
  • beskrive dei ulike delane av tømmerhus og nover med tradisjonelle nemningar

Læringsformer og aktiviteter

Studiesamlingar med innføring i det praktiske arbeidet med eigeøving.

Øvingsoppgåver, ekskursjonar, feltarbeid, seminar og førelesningar.

Vi vekslar mellom gruppearbeid og individuelt arbeid med oppgåver.

Kurset er basert på konsentrerte samlingar. Aktiv deltaking på samlingane med følgande øvingsoppgåver er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.

Obligatoriske aktivitetar

  • Obligatorisk deltaking på samlingane
  • Obligatoriske praktisk øvingsoppgåver
  • Obligatoriske oppgåver med skriftleg innlevering

Obligatoriske aktiviteter

  • Deltakelse
  • Praktiske øvingsoppgaver
  • Skriftlige oppgaver

Mer om vurdering

Skriftleg innleveringsoppgåve i slutten av semesteret. Ved fravær leveres oppgave til ny frist etter avtale med emneansvarlig.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Tradisjonelt bygghandverk (FTTRADBYGG)

Forkunnskapskrav

Ingen obligatoriske forkunnskapskrav.

Kursmateriell

Litteraturliste med relevant faglitteratur blir utlevert på kurset. Produkt produsert av studenten som del av øvingsoppgåver høyrar til institusjonen om ikkje anna er avtalt med studenten.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
TBBY1002 5.0 HØST 2022
TBBY1101 5.0 HØST 2022
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Grunnleggende emner, nivå I

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  HØST 2024

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Byggekunst, historie og teknologi
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for arkitektur og teknologi

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Oppgave

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst ORD Oppgave 100/100 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU