course-details-portlet

MUSV3143 - Musikk og politikk i Latin-Amerika

Om emnet

Nytt fra studieåret 2024/2025

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Semesteroppgave
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Semesteroppgave 100/100

Faglig innhold

I dette emnet i etnomusikologi skal vi utforske koplinga mellom latinamerikansk musikk og musikarar og politikk frå protestsongrørsla i 1960-åra til i dag. Seint i 1960-åra og tidleg i 70-åra utvikla det seg mange lokale protestsongrørsler i Latin-Amerika, omtala samla som latinamerikansk nueva canción (ny song). Ny song-musikarar var i opposisjon til undertrykkjande diktatur og ønskte sosial endring, samstundes som dei revitaliserte tradisjonelle musikksjangrar og -instrument. Medan ny song-musikken har levd vidare som kampsongar for sosiale rørsler i dag og blant emigrantar frå Latin-Amerika, har andre musikksjangrar som rock, hiphop og cumbia sidan spela ei viktigare rolle i å hjelpe musikarar til å uttrykkje politiske meiningar, synleggjere marginaliserte grupper og uttrykkje identitet.

Tema og enkeltstudiar vi skal ta opp, inkluderer: chilensk ny song, spanskspråkleg rock, hiphop på urfolksspråk, hybride musikksjangrar i Peru, afrolatinske musikkrørsler, rolla musikk spelar i sosiale rørsler i dag og latinamerikansk musikk blant emigrantar. Gjennom å studere forskjellige latinamerikanske musikksjangrar og den sosiopolitiske konteksten deira frå 1960-åra til i dag vil dette kurset gje kritisk innsikt i følgjande spørsmål: Kva rolle spelar musikk i politikk i Latin-Amerika? Kva gjer musikk «politisk»? Korleis har rolla til musikk i sosiale rørsler i Latin-Amerika endra seg sidan 1960-åra? Korleis brukar latinamerikanske musikarar ulike musikksjangrar, instrument og språk til å uttrykkje politiske meiningar, få merksemd om marginaliserte grupper og forhandle identiteten sin? På denne måten skal ikkje kurset berre gje innsikt i latinamerikansk musikk og sosiopolitisk kontekst, men også i breiare debattar om musikk og politikk, og i etnomusikologi generelt.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Ein kandidat som har fullført emnet MUSV3143 har

  • lært om utvalde musikktradisjonar og sjangrar frå Latin-Amerika
  • fått kunnskap om den sosiopolitiske konteksten i nokre latinamerikanske land
  • fått djupare forståing for tilhøvet mellom musikk og politikk i Latin-Amerika og for teoriar og metodar som er viktige i etnomusikologi generelt

Ferdigheter:

Ein kandidat som har fullført emnet MUSV3143 har

  • fått evne til å diskutere etnomusikologiske tekstar
  • utvikla evna si til kritisk lytting og analyse av musikk i fleire sjangrar
  • fått større ferdigheit i å uttrykkje kunnskapen sin om musikk, skriftleg og munnleg
  • styrkt dei tverrfaglege kunnskapane sine gjennom å knyte kunnskap om latinamerikansk musikk til større spørsmål om politikk, identitet og globalisering

Læringsformer og aktiviteter

Undervisninga vil vere obligatoriske førelesingar og seminar med vekt på diskusjon og dialog. Det er forventa at studentane er godt førebudde til å diskutere pensumtekstane på kvar førelesing / kvart seminar. Emnet blir undervist på engelsk med rom for diskusjon på både engelsk og norsk.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatorisk oppmøte (min. 80 %)
  • Feltdagbok
  • Muntlig presentasjon

Mer om vurdering

Vurderinga består av ein semesteroppgåve (3000-4000 ord).

Viss ein student gjentek eksamen, er det ikkje naudsynt å gjenta dei obligatoriske aktivitetane.

Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  7.5 SP
Studienivå: Høyere grads nivå

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  HØST 2024

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Musikkhistorie
  • Musikkvitenskap
  • Samfunnsfag
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for musikk

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Semesteroppgave

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst ORD Semesteroppgave 100/100

Utlevering
11.12.2024

Innlevering
18.12.2024


12:00


12:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU