Utenlandsopphold - bachelorprogram nordisk språk og litteratur
Utveksling
Utveksling
For å reise ut må du ha fullført minst eitt års studiar (60 sp), og du bør begynne førebuingane til eit utanlandsopphald eitt år i førevegen.
Vi tilrår deg å reise ut når du er i 5. semester og ta fordjupingsemne i nordisk, sjå Studiets oppbygning. Du kan også velje å ta fag 2 eller valfri del av bachelorgraden i utlandet. Val av emne i utlandet blir gjort i samråd med studierettleiar og faglærar, og skal godkjennast før du reiser ut. Meir informasjon og søknadsfristar, sjå Informasjon om utveksling ved NTNU
Utveksling i Norden
Nordisk språk og litteratur har Erasmus+ samarbeidsavtale med dei fleste universitet i Norden.
For lærestader der det er Erasmus+ avtale, kan studentar søkje om Erasmus-stipend. Dette gir nordiskstudentar moglegheit for å ta eitt semester av bachelorgrada på utveksling via Erasmus+ avtale.
Sommarkurs i Norden (Nordkurs)
I tillegg til moglegheitene for å ta eit semester i utlandet tilbyr vi også sommarkurs i Norden, NORDKURS, kvar sommar. Du kan reisa til eit universitet på Færøyane, Island, Grønland, Finland, Sverige eller Danmark og studere nordisk språk og litteratur. Du kan søkje om å få sommarkurs i nordisk språk og litteratur innpassa som 10 studiepoeng på påbyggingsnivå i bachelorgraden din i nordisk ved NTNU.
Kontaktpersonar NTNU: Gerd Karin Omdal og Ragnhild Eik