Studiemiljø

Nordisk språk og litteratur og norsk som andrespråk - bachelorstudium

Studiemiljø

Studiemiljø og linjeforeining

Linjeforeininga Gengangere er felles for studentar ved nordisk og allmenn litteraturvitskap og arrangerer mellom anna kvissar, teaterturar og festar, til tillegg til å ha ansvar for faglege arrangement.

Kvart år blir det arrangert «Prix de Gengangere» der tilsette, forelesarar, studentar og andre på seksjonane for nordisk og litteraturvitskap blir sette ekstra pris på ved prisutdelingar.

For mange er Fadderveka det første møtet med det sosiale rundt studentlivet. I fadderveka stiller linjeforeininga med fadrar, og i løpet av desse vekene får du gode høve til å bli kjend med medstudentane dine.

Tidsskriftet riss

Liker du å skriva? Instituttet har eit skriftleg miljø: Me husar eit tidsskrift som blir drive av og for studentar - riss -  som publiserer både meldingar, fagprosa og skjønnlitterære bidrag skrive av studentar og tilsette.

Dette seier studentane

Lurer du på korleis det er å vera student på nordisk språk og litteratur? Les mer om kva studentene sjølv seier

Undervisninga føregår både som førelesingar og gruppeundervisning. Kvardagen som student er annleis enn på vidaregåande. Du har større fridom til å tilpasse dagen din, men også meir ansvar for å følgje opp studiane. Les mer om studiekvardagen

 

Gå til InstagramFølg studentane på Instagram. Her kan du stille spørsmål om studiet.

Omvisning på Dragvoll