Utenlandsopphold - Allmenn litteraturvitenskap - Bachelorprogram språk og litteratur
Utanlandsopphald
Når du er teken opp til eit studieprogram ved NTNU, har du høve til å ta eit utvekslingsopphald i utlandet. Du bør starta planlegginga i god tid, seinast i løpet av haustsemesteret året før du ønskjer å reisa.
På bachelor allmenn litteraturvitskap kan du reisa på utveksling i andre eller tredje studieår, og du kan reisa anten eitt eller to semester. Når det passar best kjem an på om du ønskjer å dra utanlands for å ta fordjupingsemne i allmenn litteraturvitskap, eller om du planlegg å ta andre fag (Fag 2) der.
Kontakt gjerne studierettleiarane på instituttet viss du ønskjer hjelp til å planleggja studiet.
Aktuelle lærestader å reise på utveksling til:
Sommarkurs i Norden (Nordkurs)
Dersom du studerer nordisk ved eit universitet i Noreg, kan du kvalifisera deg fagleg ved å ta NORDKURS, sommarkurs i nordisk språk og litteratur, i eit anna nordisk land.
- Kurs, reise og opphald blir dekka
- Dersom du tar Nordkurs på masternivå, kan det bli innpassa som eit valbart masteremne.
Kontaktpersonar NTNU: Gerd Karin Omdal og Ragnhild Eik