Studiemiljø - Nordisk og litteraturvitenskap - bachelorstudium
Studiemiljø
Studiemiljø og linjeforeining
Linjeforeninga Gengangere er felles for studentar ved nordisk og allmenn litteraturvitskap og arrangerer mellom anna kvissar, teaterturar og festar, til tillegg til å ha ansvar for faglege arrangement.
Kvart år blir det arrangert «Prix de Gengangere» der tilsette, forelesarar, studentar og andre på seksjonane for nordisk og litteraturvitskap blir sette ekstra pris på ved prisutdelingar.
For mange er Fadderveka det første møtet med det sosiale rundt studentlivet. I fadderveka stiller linjeforeininga med fadrar, og i løpet av desse vekene får du gode høve til å bli kjend med medstudentane dine.
Instituttet har også eit skriftleg miljø: Vi husar eit tidsskrift som blir drive av og for studentar, riss, som publiserer både meldingar, fagprosa og skjønnlitterære bidrag skrive av studentar og tilsette.
Dette seier studentane
Lurer du på korleis det er å vera student på allmenn litteraturvitskap på NTNU? Les mer om kva studentane sjølv seier.
Undervisninga føregår både som førelesingar og gruppeundervisning. Kvardagen som student er annleis enn på vidaregåande. Du har større fridom til å tilpasse dagen din, men også meir ansvar for å følgje opp studiane. Les mer om studiekvardagen
Følg studentene på Instagram. Her kan du stille spørsmål om studiet.
Litteraturstudentene viser deg campus