Læringsmål - Allmenn litteraturvitenskap, bachelor
MENY
Læringsutbytte
Læringsutbytte
En student som har fullført programmet, forventes å ha oppnådd følgende læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Bachelorkandidatane i allmenn litteraturvitskap
- har kunnskap om dei store klassiske verka i den vestlege litterære tradisjonen frå antikken til moderne tid
- forstår litteraturen i ein større estetisk, kulturell og historisk samanheng på tvers av språk og landegrenser
- har kunnskap om opphavet, utviklinga og poetikken til sjangrane
- kjenner hovudprinsippa for litterær analyse innanfor ulike teoretiske tradisjonar
- er kjende med litteraturvitskap som forskingsfelt
- har kjennskap til fagfeltet si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
- forstår den gjensidige påverknaden mellom samfunnet og litteraturen
Ferdigheter
Bachelorkandidatane i allmenn litteraturvitskap
- kan samanlikne og analysere litteratur frå ulike sjangrar, epokar og språkområde
- kan bruke litteraturvitskapeleg metode på ulike typar tekst
- kan reflektere over korleis litteraturen har innverknad på mennesket si sjølvforståing
- kan greie ut om den gjensidige påverknaden mellom litteratur, kultur og samfunn
- kan presentere og diskutere litterære problemstillingar i munnleg og skriftleg form
Generell kompetanse
Bachelorkandidatane i allmenn litteraturvitskap
- har brei kulturkompetanse
- har utvikla evna til kritisk og sjølvstendig tenking, og til å framføre eit godt formulert resonnement
- har ein generell tekstkompetanse som kan brukast i produksjon av ulike typar tekst
- kan analysere og vurdere ulike former for språkleg kommunikasjon
- kan planleggje og gjennomføre individuelle og grupperelaterte arbeidsoppgåver og prosjekt av kortare og lengre art
- kan presentere og formidle problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg og munnleg
- har innsikt i humaniora sin eigenart og rolle i samtida