Allmenn litteraturvitskap gir ei innføring i den vestlege litterære tradisjonen frå oldtida og fram til våre dagar. Sentralt i faget står utviklinga av dei store sjangrane epikk, dramatikk og lyrikk.
Dei store sjangrane blir studerte i eit samanliknande perspektiv over tidsepokar og over språk- og landegrenser. Dette litteraturhistoriske perspektivet blir supplert med ei innføring i dei viktigaste teoriane og metodane i litteraturfaget, slik dei har utvikla seg frå antikken og fram til vår eiga tid.
Allmenn litteraturvitskap er eit komparativt fag: Ingen litterære verk står aleine, men inngår alltid i ein dialog med andre verk, og må bli forstått på bakgrunn av desse. Men denne samanliknande synsvinkelen avgrensar seg ikkje berre til litteratur. Allmenn litteraturvitskap legg også vekt på å studere samanhengen mellom litterære tekstar og andre kunstartar, som biletkunst, film og musikk.
NTNU tilbyr både årsstudium, bachelor og master i allmenn litteraturvitskap