Om lokalt opptak

Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning - 1-årig - Ålesund

Om lokalt opptak

Du søker lokalt opptak til Y-veg, tresemesterordning (TRES), forkurs, enkeltemne, vidareutdanningar og masterprogram ved NTNU i Ålesund. For spørsmål om opptak, ta kontakt: studier@alesund.ntnu.no.

Lokalt opptak opnar 1. februar for søknadar til studium som startar komande studieår. Søknadsfristen er 1. mars eller 15. april for dei fleste studieprogram, sjå nettsida for studieprogrammet og Søknadsweb for detaljert informasjon.

Søknadsfrist 15. april

Søknadsfrist 15. april

Du registrerer søknad på NTNUs søknadsweb.
​​​​​​​Søknadsportalen åpner 1. februar.

Søk lokalt opptak

Søknadsfrist: 15. april.

Informasjon om lokalt opptak i Ålesund


Følg med på e-post og Søknadsweb

Resultatet av søknaden din vert sendt per e-post og publisert på Søknadsweb. Du er sjølv ansvarleg for å leggje inn korrekt e-post.


Prioritering av søknadsalternativ

Rekkjefølga på studieønska er viktig fordi ved tilbod fell lågare prioriterte studieønske vekk. Det vil seie at dersom du får tilbod om førsteprioriteten din, fell dei andre studieønska vekk. Søknadar i ulike kategoriar (t.d. master og vidareutdanning) vert vurdert uavhengig av kvarandre, men du kan berre takke ja til og starte på eitt studieprogram.


Dokumentasjon

Dokumentasjon må bli lasta opp som PDF-fil innan søknadsfristen.

Du må laste opp dokumentasjon av utdanning og eventuelle arbeidsattestar for å få vurdert søknaden din. Søkjarar til studieprogram som også krev arbeidserfaring må oppfylle praksiskravet til søknadsfristen. Arbeidsattestar må vere datert og signert av arbeidsgivar og innehalde stillingsprosent, stillingstittel, startdato og eventuell sluttdato.

Skal du fullføre høgare utdanning i vår som er opptaksgrunnlag for vidare utdanning ved NTNU i Ålesund? Du må laste opp stempla og signert karakterutskrift/vitnemål på fullført utdanning innan fristen for studiet du søkjer opptak til.

Søkjarar som sender inn falsk dokumentasjon vert meldt til politiet, jf. Straffelova § 182.

Bunnlinje med strek


Se andre studieprogram ​​​​​​​