Senter for faglig kommunikasjon (SEKOM) - UTVEI
Utvikling av veiledningssamtalen i NAV
Utvikling av veiledningssamtalen i NAV
Forskingsbasert utviklingsarbeid for og med rettleiarar
Samtalar med brukarane står svært sentralt i dei NAV-tilsette si profesjonsutøving, og brukarmøta er avgjerande for om ein oppnår måla om arbeidslivstilknyting og meistring. Det finst ulike metodar for å støtte rettleiarane, men samstundes må alle metodar kontinuerleg justerast og vurderast i takt med brukaren sine behov, ressursar og kommunikative bidrag.
Forskarane innanfor feltet anvendt språkvitskap gjennomførte i dette prosjektet empiriske studiar av rettleiingssamtalar i NAV med utgangspunkt i verktøy og omgrep frå samtaleanalyse og verksemdsanalyse, og med omfattande kunnskap om institusjonell interaksjon frå andre brukar-orienterte kontekstar. Med støtte i empiriske analysar utvikla vi workshops for NAV-rettleiarar som gjev eit omgrepsapparat og ein felles kunnskapsbase for å kunne samarbeide om kontinuerleg å utvikle dynamikken i og kvaliteten på rettleiingsmøta. Den overordna problemstillinga for prosjektet var: Korleis kan analysar av faktiske rettleiingssamtalar bidra til å styrkje NAV-rettleiarane sin interaksjon med brukarar og leggje til rette for brukarmedverknad?
Prosjektet vart gjennomført i to delar: I første delen innhenta vi empirisk materiale og detaljerte analysar av interaksjon i rettleiingsmøte. Den andre delen la vekt på kunnskapsutvikling i samarbeid med rettleiarane og utvikling av konkrete kommunikative løysingar og strategiar som skal heve kvaliteten i brukarmøta.
Prosjektperiode: 01.08.16-31.12.19 (avslutta)
Oppdragsgiver: Arbeids- og velferdsdirektoratet
Publikasjoner
Publikasjonar og omtale
- Kristin Halvorsen og Gøril Thomassen Hammerstad har bidratt med en artikkel i siste utgave av det nordiske tidsskriftet Språk och interaktion med tittelen «Mellom ansvarliggjøring og autonomi: Tilskriving av ansvar i interaksjon mellom brukere og veiledere i den norske arbeids- og velferdsetaten (NAV)». Tidsskriftet er åpent tilgjengelig på nett.
- Følelser og ansvar er nøkkelbegreper for å forstå hva som skjer i møter mellom NAVs veiledere og brukere. Les nyhetssak om prosjektet.
- Halvorsen K., Andenæs E., & Hammerstad G. T. (2020) Ansvar, fag og følelser: Kommunikative utfordringer i brukermøter i NAV. (Rapport). Trondheim: NTNU.
- Halvorsen, K., Riis-Johansen, M. O., Andenæs, E., & Hammerstad, G. T. (2018). UTVEI – Utvikling av veiledningssamtalen i NAV. Forskningsbasert utviklingsarbeid for og med veiledere (Rapport). Trondheim: NTNU.
- Riis-Johansen, M. O., Halvorsen, K., Andenæs, E., & Hammerstad, G. T. (2018). Interaksjon med brukere i NAV: Analyse av samtaledata som grunnlag for fagutvikling. Tidsskrift for velferdsforskning, 21(3), 227–240.
- Riis-Johansen, M. O., & Halvorsen, K. (2018). Aktive brukere i samtaler med NAV. Fontene.no.
- Brukermøter med forbedringspotensial. MEMU. Et nettmagasin for medarbeidere i NAV og alle andre som er opptatt av arbeid og velferd. 02.01.2019
UTVEI logo