Dei store historiske hendingane

Dei store historiske hendingane

 

1760 – Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab blir stifta 

I 1760 blei Det Trondhiemske Selskab stifta. I 1767 bytta selskapet namn til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS). Vitskapsmuseet og Gunnerusbiblioteket stammar herifrå. 

1768 – Noregs eldste bibliotek blir etablert 

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab etablerer Gunnerusbiblioteket, som er Noregs eldste bibliotek.  

1870 – Ingeniørutdanning startar opp i Trondheim 

Ingeniørutdanninga i Trondheim begynte med Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1870. Fram til nedlegginga i 1916 sto TTL for den fremste teknisk-teoretiske utdanninga i landet. Skolen skulle utdanne unge menn til maskinistar og styrarar av mindre fabrikkar. I 1898 flytta TTL inn i Munkegata 1, som i dag er Trondheims rådhus. 

1877 – Sjømannsskolen i Ålesund 

Ålesund får sin Sømandsskole. Dette er starten på den maritime utdanninga i byen. 

1900 – NTH blir vedtatt i Stortinget 

Allereie i 1833 la offiser og stortingsmann Herman Foss fram forslaget om en «Technisk Skole» i Noreg, men vedtaket om oppretting kom i Stortinget først 31. mai i 1900. Noregs tekniske høgskole (NTH)  blei vedtatt, og gledesbodskapen blei formidla til byen via iltelegram. Dette førte til at det spontant blei sett i gang ei feiring med brigademusikk, tog og flagging.  

1906 – Minnesteinen blir plassert 

Minnesteinen blei mura inn i NTHs hovudbygning på Kong Haakon VIIs kroningsdag. Steinen blei plassert så høgt på veggen som byggearbeidet då hadde komme. 

1908 – Bergseminariet blir flytta til Trondheim 

Det Kongelige Norske Bergseminarium blir flytta til Trondheim. Dette blei først opna i Kongsberg i 1757, flytta til Universitetet i Christiania i 1813, og altså lagt til Trondheim i 1908. NTNUs eldste fagmiljø, Bergteknikk, kan føre si historie tilbake til då Bergseminaret opna i Kongsberg. 

1909 – NTHs første fire professorar blir tilsette 

Adolf Wilhelm Joseph Watzinger (varmekraftmaskiner), Sem Sæland (fysikk), Ole Sivert Bragstad (elektroteknikk) og Peder Farup (uorganisk kjemi). 

1910 – Kong Haakon opnar NTH 

Den 15. september 1910 føretok Kong Haakon VII den offisielle opninga av Noregs tekniske høgskole. Dette til stor festivitas og med forelesing av mellom andre Richard Birkeland. Sjølve Hovudbygningen, teikna av arkitekt Bredo Greve, stod ferdig i 1915.  

1910 – Norges tekniske høgskoles idrettsforening (NTHI) blir grunnlagt 

NTHI grunnlagd som ei idrettsforeining for både tilsette og studentar. I dag heiter idrettsforeininga NTNUI  og er landets største i sitt slag. 

1910 – Studentersamfundet i Trondhjem blir stifta 

Studentersamfundet i Trondhjem, eller Samfundet, som det også blir kalla, er det tredje eldste studentsamfunnet i Noreg. Nitten år seinare hadde Samfundet fått sitt eige bygg på Elgeseter. Første formann het Edgar Bonsak Schieldrop og kom med følgjande kjente sitat i sin tale på Samfundet sin eittårsdag: "Høiskolen vil gjøre dere til studerende, vi, Samfundet, vil gjøre dere til studenter. Den er blind som ikke øiner kløften mellom disse to ords betydning. Den som blott er det første uten å være det annet, han blir ingen mann, intet helt menneske – han kan i høiden drive det til professor." 

1912 – Teknisk mellomskole blir oppretta 

Trondhjems tekniske mellomskole blei oppretta som etterfølgar etter Trondhjems Tekniske Læreanstalt. Skolen skifta namn til Trondheim tekniske skole i 1936 og flytta til Kalvskinnet, og i 1977 blei Trondheim ingeniørhøgskole det nye namnet. Skolen blei ein del av Høgskolen i Sør-Trøndelag i 1994

1921 – Tapir blir stifta 

Studentar og tilsette på NTH etablerer sitt eige utsal av skrivesaker og rekvisita. 

1922 – Noregs lærarhøgskule startar opp på Lade gård 

Noregs lærarhøgskule blei vedtatt oppretta i Stortinget 1. juni 1922, og heldt frå 1922 til 1960 til på Lade gård. Deretter flytta skolen inn i større lokale på Rosenborg, der det mellom anna blei sett av plass til å undervise i realfag. Det blei mogleg å auke talet på studentar, og i praksis blei dette ein overgang til universitetsstudium med oppretting av grunn- og mellomfag. 

1925 – Fysikkbygningen opnar 

NTHs fysikkbygning opnar på Gløshaugen. 

1929 – Studentersamfundet opnar 

Studentersamfundet får eige hus – det raude runde på Elgeseter. Huset blei kalla Cassa Rossa, og medlemmane jobbar frivillig for å drive huset og aktivitetane.  

1936 – Nordens første kjerne-fysiske partikkelakselerator 

Johan Peter Holtsmark, professor i fysikk, held eit foredrag for DKNVS der han demonstrerer NTHs nyleg ferdigstilte Van de Graaff-generator. Generatoren blei bygd i perioden 1934–1937 og var den første kjernefysiske partikkelakseleratoren i Norden. 

1939 – Skipsmodelltanken opnar 

Skipsteknisk Forskningsinstitutt (Skipsmodelltanken) opnar på Tyholt i Trondheim.  

1946 – Kunstskolen i Trondheim opnar 

Kunstskolen i Trondheim blir oppretta. Dette er forløparen til det som er Kunstakademiet i Trondheim ved NTNU i dag. 

1949 – Sivilingeniør blir beskytta tittel 

Sivilingeniør blir innført som beskytta tittel, og det var berre NTH som kunne tildele tittelen. Etter 1985 fekk fleire lærestader moglegheit til å tildele tittelen. 

1950 – SINTEF blir stifta 

SINTEF  (Stiftelsen for industriell og teknisk forskning ved NTH) blei opphaveleg etablert for å vere NTHs forlengde arm mot industrien. Professorar ved NTH såg moglegheiter for å bygge opp ei oppdragsforskingsverksemd og nytta SINTEF som instrument. SINTEF hadde si kraftigaste vekstperiode på 1970-talet, og store nasjonale laboratorium som Havlaboratoriet og Fleirfaselaboratoriet såg dagens lys på denne tida. 

1959 – Statens lærarskoleklasse blir etablert 

Lærarskolen i Trondheim blei etablert som Statens lærarskoleklasser i Trondheim. 

1960 – Kjemiblokk IV står ferdig 

Kjemiavdelinga var av dei første som fekk nye bygg i samband med den storstilte utvidinga av NTH etter andre verdskrig. Dei andre bygga stod ferdige i 1967 (nr. III), 1954 (nr. I), 1955 (nr. II), 1957 (nr. V), 1958 (forsøkshallen) og 1962 (mellombygg nr. IV). 

1962 – Trondheim sosialhøgskole blir oppretta

Skolen blei oppretta for å bøte på mangelen på utdanningsinstitusjonar for sosialmedarbeidarar i den nordlege delen av landet. Skolen blei den tredje i sitt slag i landet, og den første utanfor Oslo. Dei tok over lokala til Noregs lærarhøgskule på Lade gård. 

1964 – Trondheim økonomiske faghøgskole blir etablert 

Høgskolen har i etterkant skifta namn til Trondheim Økonomiske Høgskole og var frå 1994 ei avdeling under Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST). Høgskolen er no eit eige institutt ved NTNU: NTNU Handelshøgskulen. 

1965 – Møre og Romsdal tekniske skole blir etablert 

Skolen blir til Møre og Romsdal Ingeniørhøgskole i 1977. 

1966 – Gjøvik tekniske skole blir etablert 

I 1988 blei Statens skogskole Brandbu innlemma i ingeniørhøgskolen, som då var Gjøvik ingeniørhøgskole.  

1967 – Sjukepleieskolen i Sør-Trøndelag blir etablert 

Sjukepleieskolen i Sør-Trøndelag blei oppretta som ein fusjon mellom Trondheim Røde Kors sykepleieskole (1906) og Trondhjems Sanitetsforenings Sykepleieskole (1919). 

1968 – Universitetet i Trondheim blir oppretta 

På 1950-tallet starta ei storstilt utviding av Noregs lærarhøgskule i Trondheim (NLHT), og det blei gradvis innført grunnfags-, mellomfags- og til sist hovudfagsundervisning i humaniora, samfunnsfag og realfag. NLHT, frå 1984 kalla Den allmennvitskaplege høgskolen (AVH) gjekk så i 1968 inn i Universitetet i Trondheim (UNIT) som ein autonom høgskole på linje med Noregs tekniske høgskole (NTH). UNIT blei altså oppretta som ein felles overbygning for NTH, NLHT og VM (Interimstyret). Stortingets hensikt om ei integrering av desse institusjonane blei likevel i liten grad følgd opp, og NTH og NLHT beheldt ein stor grad av sjølvstyre.   

1972 – BIBSYS-prosjektet blir sett i gang 

BIBSYS starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Det Kongelige Norske Vitenskabers Selskab, Noregs tekniske høgskoles bibliotek og Reknesenteret ved NTH. Formålet var å automatisere interne bibliotekrutinar. Frå å drifte biblioteksystem for to bibliotek i Trondheim utvikla BIBSYS eit nasjonalt biblioteksystem for norske fag- og forskingsbibliotek. 

1973 – Trøndelag musikkonservatorium blir oppretta 

Trøndelag musikkonservatorium blei etablert gjennom ei deling av Trondhjems musikkskole av 1911 i ein kommunal musikkskole og eit konservatorium som staten måtte ta økonomisk ansvar for på 1980-tallet. 

1974 – Avdeling for medisin blir oppretta 

Avdeling for medisin blir oppretta den 9. april 1974 ved Universitetet i Trondheim, og medisinutdanninga blei sett i gang året etter. I 1984 blei Det medisinske fakultet formelt oppretta. Frå 1996 blei fakultetet ein del av det då nyoppretta NTNU, og namnet er i dag Fakultet for medisin og helse. 

1974 – Sjukepleiarhøgskolen i Ålesund blir etablert 

Høgskolen blir i 1994 en del av Høgskolen i Ålesund. 

1978 – Universitetssenteret på Dragvoll blir opna 

I 1978 flytta Noregs lærarhøgskule til 1. utbyggingstrinn på Dragvoll. Bygget var det første fysiske, bygningsmessige uttrykket for Universitetet i Trondheim. Dette er eit ikonisk bygg som er internasjonalt kjent og har fått mange etterfølgarar, også i Trondheim (for eksempel Royal Garden Hotel og Nye Elektro på Gøshaugen). Arkitekten var Henning Larsen. 

1979 – Kunstakademiet i Trondheim blir oppretta 

I 1979 kom Kunstskolen i Trondheim (KiT) inn i høgskolesystemet, og frå 1987 blei Kunstakademiet i Trondheim eit statleg kunstakademi. Frå 1. januar 2017 blei Kunstakademiet eit eige institutt under Fakultet for arkitektur og design. 

1979 – Jazzlinja blir oppretta 

Same år blir òg jazzlinja oppretta ved Trøndelag musikkonservatorium, som i dag er ein del av Institutt for musikk ved Det humanistiske fakultet.  

1984 – Lærarhøgskolen byter namn til Den allmennvitskaplege høgskolen (AVH) 

AVH blir ein realitet og går over til fakultetsstruktur på linje med universiteta i Oslo og Bergen. 

1986 – Sjukepleiarskolen i Oppland blir etablert 

Nasjonalforeininga og Oppland fylkes sjukepleiarskole blir til Sjukepleiarskolen i Oppland. Dette dannar grunnlaget for det som skulle bli ein del av Høgskolen i Gjøvik. 

1988 – Møre og Romsdal fiskeritekniske høgskole 

Dette var ein høgskole for utdanning av sjøoffiserar. Fylkeskommunen hadde sidan 1983 drive utdanning innafor ramma av den vidaregåande skolen. Frå 1. januar 1988 tok staten over drifta av høgskoleutdanninga, og høgskolen blei ein del av Høgskolen i Ålesund i 1994. 

1994 – Høgskolen i Gjøvik blir oppretta 

Gjøvik ingeniørhøgskole og Sykepleierskolen i Oppland slår seg saman og blir Høgskolen i Gjøvik. 

1994 – Høgskolen i Ålesund blir oppretta 

Høgskolen blir oppretta ved samanslutning av dei regionale høgskolane Møre og Romsdal fiskeritekniske høgskole, Møre og Romsdal ingeniørhøgskole og Sjukepleiarhøgskolen i Ålesund. Rett før fusjonen med NTNU hadde høgskolen ca. 2400 studentar og 200 tilsette. 

1994 – Høgskolen i Sør-Trøndelag blir oppretta etter samanslåing av åtte skolar 

Dei åtte skolane som slo seg saman, var: Trondheim Ingeniørhøgskole, Statens næringsmiddeltekniske høgskole, Trondheim helsefaghøgskole, Sosialhøgskolen i Trondheim, Sjukepleiarhøgskolen i Trondheim, Trondheim lærarhøgskole, Trondheim økonomiske høgskole og Musikkonservatoriet. 

1996 – Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU blir etablert 

Den 1. januar 1996 gjekk Universitetet i Trondheim (UNIT) over til å bli Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Allereie i 1989 hadde NTH-rektor Karsten Jakobsen lansert tanken om eit teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. I det politiske spelet som følgde lovproposisjonen, blei ideen om NTNU relansert av KrF. Med KrFs Jon Lilletun i spissen hadde stortingsgruppa vore på studietur til USA og blitt begeistra for Caltech og MIT. Særleg MIT danna modell for forslaget om NTNU. Då stortingskomiteen la fram si innstilling 16. mars 1995, gjekk eit fleirtal beståande av Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og Det norske Arbeidarparti inn for å gjere om UNIT til NTNU. Fleirtalet hevda at namnet ville uttrykke ein teknisk og naturvitskapleg hovudprofil, samtidig som nemninga universitet innebar eit breitt fagtilbod innan humaniora, samfunnsfag og medisin. 

1999 – Ålesund får eige høgskolebygg 

Bygget ligg rett utanfor Ålesund sentrum, tett på lokala til fleire store næringslivsaktørar.  

2000 – Realfagbygget står ferdig 

Realfagbygget blei opna av Kong Harald 30. mai 2000, på hundreårsdagen for Stortinget si avgjersle om å legge NTH til Trondheim. 

2010 – Jubileumsår med fire feiringar 

2010 var eit stort år for NTNU – med fire feiringar. NTNU markerte sitt eige 100-årsjubileum med opninga av NTH. Både Studentersamfundet i Trondhjem og NTNUI feira samtidig sine 100-årsjubileum. Ikkje minst feira Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 250 år.  

2014 – Nobelpris til NTNU 

May Britt Moser og Edvard Moser får Nobelprisen i fysiologi eller medisin saman med John O'Keefe frå University College London. 

2016 – Fusjon  

NTNU, Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Ålesund fusjonerer til NTNU. 

Kontakt

Se også

NTNUs historie


Tilbakemelding på innholdet

Kontakt oss via: kontakt@komm.ntnu.no