Forskning - dansevitenskap - Institutt for Musikk
Forskning - dansevitskap
Forskinga innan dansevitskap femnar breitt og inkluderer historiske studiar av norsk og internasjonal dans, analyse av rørsle og dans, sosiokulturelle aspekt, antropologiske og etnologiske studiar, filosofiske og fenomenologiske innfallsvinklar og dessutan helsemessige og pedagogisk aspekt. Forskinga er sterkt inspirert og informert av danserisk praksis og målet er å undersøkja dei ulike sidene av dansen med eit ope og forskande blikk. Rolla og betydninga av dansen både som sosialt og estetisk uttrykk er i fokus, i tillegg har dansevitskap ei sterk forståing for og interesse av og omkring dei helsemessige gevinstane til dansen.
Dansevitskap på NTNU har teke på seg eit særleg ansvar for å vareta forsking på norsk dans – dette gjeld både den sosiale/folkelege og den sceniske. Dansevitskap har hatt, og held fram med å ha, eit tett samarbeid med Sff – Stiftinga for folkemusikk og folkedans. Sambruk av og forsking på arkivmateriale innanfor norsk folkedans har vore eit særleg prioritert område.
Dansevitskap arbeider tett saman med ulike norske og nordiske forskargrupper, mellom anna ”Dance in Nordic Spaces” og ”Performance between Dilettantism and Performing Arts” (pAarts). Dansevitskap samarbeider med musikkteknologi ved NTNU og UiO om teknologiske nyvinningar innanfor rørsleanalyse, særleg ut frå eit program som blir kalla ”Motion Capture,”. Vi har programvare for teknologiske rørsleanalysar i dansestudioet vårt.
Instrument, utstyr og noter
Instrument og utstyr som blir brukt ved instituttet.
Musikkbiblioteket er tett knytta til instituttet.