Finn studentar til betalte oppdrag

Institutt for musikk

Finn studentar til betalte oppdrag

Band spiller på en sceneFoto: Lena Knutli

Ønskjer du å finne studentar som tek betalte oppdrag? Her finn du lister over studentar som har meldt at dei er aktuelle for betalte oppdrag ved sidan av studia inneverande studieår.

Ta sjølv direkte kontakt med studenten!

Institutt for musikk administrerer ikkje oppdrag for studentar, men her finn du lister over studentar som har gitt løyve til å publisere informasjon til bruk for eksterne arrangørar.

Dersom du har spørsmål rundt ordninga, kan desse stillast til produsent Rakel Skaar Kristensen.

Honorar, lønn og betaling 

Alle oppdrag som blir formidla via desse listene skal vere betalte oppdrag, der honorar må forhandlast, avtales og utbetalast direkte mellom student og oppdragsgivar. Førespurnader til studentar om oppdrag utan honorar skal ikkje førekome.


Lister over studentar

Lister over studentar

Soloutøvar

Ein soloutøvar (songar, musikar, dansar) opptrer aleine eller utfører eit soloparti i musikkverk.

Ensemble/band

Fleire musikarar utøver saman i besetningar som trio, kvartett, kvintett med meir.

Komponist/arrangør

Ein komponist skaper eit musikkstykke, ein arrangør bearbeider eit musikkstykke for andre instrument eller stemmer enn i originalmanuskriptet.

Undervisning

Instrumental- og vokalundervisning, musikk- og teaterundervisning.

Musikkteknologi

Innspeling, lydteknikk, musikkproduksjon, lyddesign, programmering og elektronikk m.m.

Creos frilanssatsar

Creos frilanssatsar

Creos frilanssatsar inneheld tariffregulerte og tilrådde minstesatsar innanfor ei rekkje område.

Sjå satsane på Creos nettside for frilansarar