Administrasjon – Institutt for sosiologi og statsvitenskap
Administrasjonen ved Institutt for sosiologi og statsvitskap
Vi i administrasjonen støttar våre studentar og tilsette innan ei rekke område, og vi ønsker å gi god og profesjonell leiarstøtte til instituttleiinga.
Om du er student kan vi blant anna hjelpe deg med:
- studierettleiing
- innpassing av tidlegare utdanning
- emnekombinasjonar i forbindelse med utveksling
- informasjon om opptak på bachelor- og masterprogramma våre
- masterkontrakter
- referansegrupper
- informasjon om undervisningsopplegg og eksamen
Vi støttar våre tilsette med oppgåver som til døme:
- undervisningsplanlegging
- timeplan
- studieplanar
- statistikk og analyser innan undervisning
- oppgåver tilknytt drift, økonomi, personalforvaltning etc.
Vi har som målsetting å ha ein administrasjon som
- er profesjonell og kostnadseffektiv, og som bidreg til at instituttet varetar primæroppgåvene innan undervisning og forsking på ein god måte. Dei administrative prosessane skal vere effektive, av god kvalitet, og synlege for brukarane.
- leggjer stor vekt på å ivareta behova til våre studentar, dei tilsette, og andre brukare. I utforminga av dei administrative støttefunksjonane ved instituttet, skal tilsette og studentar sine behov særleg vektleggas når prosessar og rutinar utviklast.
- i møte med brukarane er imøtekommande, vennleg, sakleg, og løysingsorienterte. God dialog med tilsette og studentar er viktig.
- er effektiv og godt organisert, med klar ansvarsfordeling og ei god rolleforståing. Administrasjonen skal gi god leiarstøtte, ha en tett dialog, og et godt samarbeid med den faglege leiinga ved instituttet.
For ein meir detaljert oversikt over arbeids- og ansvarsområdane til dei tilsette i administrasjonen sjå tilsettsidene våre.