Institutt for sosiologi og statsvitskap

Institutt for sosiologi og statsvitskap

Institutt for sosiologi og statsvitskap (ISS) driv forsking, undervisning og formidling innan sosiologi, statsvitskap, idrettsvitskap og medievitskap.

ISS er eit sterkt disiplininstitutt med vekt på sosiologi og statsvitskap som bidrar både til tverrfaglege studieprogram og i tverrfagleg forsking ved NTNU. Fagdisiplinane set òg sitt preg på instituttet si profilering av idrettsvitskap og medievitskap. Forskinga og utdanninga vår skal bidra til å identifisere og møte sentrale samfunnsutfordringar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap som krevst for å løyse utfordringar som Noreg og verdssamfunnet står overfor. Dette er instituttet sitt bidrag til NTNUs visjon "kunnskap for ei betre verd".

Som eit samfunnsvitskapleg institutt, og som ein del av NTNUs demokratiske og solidariske oppdrag, har vi ei særskild forplikting til å bidra i den offentlege debatten om viktige samfunnsspørsmål.

Studieprogramma våre skal gi kandidatane kompetanse som gjer dei attraktive på arbeidsmarknaden og til sentrale bidragsytarar i samfunnsutviklinga. Forskinga skal vere på eit høgt nivå og bidra til offentleg debatt og fagleg utvikling.  

ISS skal måle seg med dei beste samanliknbare fagmiljøa i Noreg når det gjeld undervisning og forsking, og ha forskingsgrupper på eit høgt internasjonalt nivå.

Kort historie

Kort historie

1969

Dei første emna i sosiologi blir undervist som ein del av faget samfunnskunnskap ved Universitetet i Trondheim.

1971

Institutt for sosiologi og samfunnskunnskap blir etablert. Sosiologi som disiplin blir fullt utbygd med studieprogram på alle nivå i løpet av 1970-talet. Politisk sosiologi og politisk åtferd var viktige fokus. På midten av 80-talet blei også offentleg administrasjon innført som emne.

1992

Dei første emna i statsvitskap blir undervist. Statsvitskap blir ein del av instituttet, som får namnet Institutt for sosiologi og statsvitskap. Statsvitskap som disiplin blir fullt utbygd med studieprogram på alle nivå i løpet av 1990-talet. Viktige tema er politisk åtferd, internasjonale relasjonar, komparativ politikk, internasjonal politisk økonomi, offentleg politikk og miljøpolitikk.

2003

Masterprogrammet i medier, kommunikasjon og informasjonsteknologi blir etablert ved NTNU og lagt til institutt for sosiologi og statsvitskap som allereie har eit miljø for mediesosiologi og politisk kommunikasjon. Den samfunnsvitskaplege delen av idrettsvitskap blir lagt til Institutt for sosiologi og statsvitskap, med bachelor og master i idrettsvitskap.

2009

Instituttet får lektorutdanning i samfunnsfag.

2015
Lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag startar opp.

2021

Instituttet startar masterprogrammet i organisasjon, digitalisering, administrasjon og arbeid.

Strategi 2018-2025

Strategi 2018-2025

Forside strategi Institutt for sosiologi og statsvitenskap. Foto.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Strategi 2018–2025