Forsking ved institutt for pedagogikk og livslang læring

Forsking ved institutt for pedagogikk og livslang læring

Foto: Charles Deluvio / Unsplash

Institutt for pedagogikk og livslang læring er eit samfunnsvitskapleg, tverrfagleg fagmiljø som bidreg med forskingsbasert kunnskap om barndom, oppvekst, utdanning og arbeidsliv i eit livslangt perspektiv.

Instituttet har ambisjon om å påverka dagsorden og politikkutforming og representerer eit unikt nasjonalt tverrfagleg forskingsmiljø med tydeleg relevans for forskarar, studentar, praktikarar, samfunnsaktørar og avgjerdstakarar som har interesser innan fagfelta våre.