MusTed – Forskning – Institutt for lærerutdanning
MusTed: Musikkteknologi i didaktisk praksis
Musikkteknologi i didaktisk praksis er eit emne som er lite forska på, samtidig som musikkteknologi blir ein stadig større del av musikkopplæringa i skule og samfunn. Forskingsgruppa MusTed har som målsetjing å styrke kunnskap om musikkteknologi i didaktisk praksis.
Forskingsgruppa er tverrinstitusjonell med medlemmar frå NTNU (Institutt for lærarutdanning og Institutt for musikk), Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning, Nord universitet, Universitetet i Agder og Høgskolen i Innlandet, og er leia av Øyvind Johan Eiksund, førsteamanuensis ved Institutt for lærerutdanning, NTNU. Gruppa sine medlemmar er involvert i prosjekt som omfattar heile løpet frå barnehage til høgare utdanning.
Gruppa inngår i forskingsnettverket MiU – Musikklærerutdanning i utvikling (2018–2020), og arbeider mot ein vitskapleg antologi i skriftserien MusPed:Research med planlagd utgjeving medio 2020.
Prosjekt
Forskingsgruppa rommar prosjekt med mellom anna desse tema:
- Idealtypiske læringsrom for autentisk undervisning med musikkteknologi
- Komponering med GarageBand på iPad som middleground-undervisning
- Performance-based Electronic Music in Higher Education
- Live Ensemble Conducting
- Popular Music Pedagogy: Teaching song-making in the “laptop era”
- Frameworks, pedagogy, and prototyping. The process of creating a cross-disciplinary program for music, communication and technology
- Sound i historisk perspektiv
- Gamification and music learning
Medlemmar i forskingsgruppe
- Professor Elin Angelo, Institutt for lærerutdanning, NTNU
- Førsteamanuensis Eirik Askerøi, Høgskolen i Innlandet
- Universitetslektor Bjørn-Terje Bandlien, Institutt for lærarutdanning, NTNU
- Førsteamanuensis Andreas Bergsland, Institutt for musikk, NTNU
- Professor Øyvind Brandtsegg, Institutt for musikk, NTNU
- Andreas Engeset
- Professor Trond Engum, Institutt for musikk, NTNU
- Førsteamanuensis Daniel Buner Formo, Institutt for musikk, NTNU
- Harald Haltvik, Leeds College of Music
- Professor Jens Knigge, Nord universitet
- Førsteamanuensis Mari-Ann Letnes, Institutt for lærerutdanning, NTNU
- Høgskolelektor Thomas Nguyen, Dronning Mauds Minne Høgskole
- Sofie Olaisen
- Universitetslektor Egil Reistadbakk, Institutt for lærarutdanning, NTNU
- Ph.d.-stipendiat Andreas Waaler Røshol, Universitetet i Agder
- Førsteamanuensis Anna Xambó Sedó, Institutt for musikk, NTNU
- Universitetslektor Robin Støckert, Institutt for matematiske fag, NTNU
- Ph.d.-stipendiat Eirik Sørbø, Universitetet i Agder
- Masterstudent, Peter Wallumrød, Institutt for musikk, NTNU
- Ph.d.-stipendiat Ola Buan Øien, Nord universitet