Programmering og undervisning – Forskning – Institutt for lærerutdanning
Programmering og undervisning
Forsking – Institutt for lærarutdanning
Programmering og undervisning
Foto: Arne Stormo
Forskingsgruppa bidreg til å utvikle kunnskap, erfaringar og læremiddel relevante for programmering i lærarutdanning og skule.
Visjonen til gruppa er å vere nasjonalt leiande innan forsking på programmering i undervisning. Gruppemedlemmene har bakgrunn innan realfag og jobbar med programmering i naturfag (fysikk, kjemi og biologi) og matematikk.
Forskingsgruppa knyter kvar vår til seg studentar som skriv masteroppgåve i programmering.
Forskingsgruppa utviklar og testar ut undervisningsopplegg for bruk av Micro:bit til å lære naturfag. Dei har spisskompetanse på bruk av sensorar til datalogging med Micro:bit; både innebygde og eksterne sensorar.