Begynnaropplæring i samfunnsfag – Forskning – Institutt for lærerutdanning
Begynnaropplæring i samfunnsfag
Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7 slår fast at «Alle fag skal omfatte begynneropplæring». Men omgrepet begynnaropplæring er ikkje definert eller utdjupa i styringsdokumenta for skulen eller lærarutdanninga. Begynnaropplæring har tradisjonelt vore knytt til faga norsk og matematikk og til grunnleggjande opplæring i lesing, skriving og rekning. Kva begynnaropplæring vil seia i andre fag er ikkje like klårt. Det finst lite samfunnsfagdidaktisk forsking med empiri frå barnetrinnet, og det finst nesten ingen studiar som har eit spesifikt fokus på samfunnsfag på dei yngste årstrinna, 1-4. klasse (Skjæveland, 2020).
Studiar utført av Utler (2021) og Skjæveland (2023) viser at samfunnsfaglærarar på småtrinnet ikkje har ei klår oppfatning av kva begynnaropplæring i samfunnsfag er. For mange lærarar er det også uklåre skilje mellom samfunnsfag og andre fag. Det er difor eit mål å utføra fleire empiriske undersøkingar i samfunnsfag i småskulen for undersøkja innhald, arbeidsmåtar og fagdidaktiske tilnærmingar i faget. Fordi begynnaropplæringsomgrepet har vore uklårt i samfunnsfag, har dette heller ikkje hatt ein tydeleg plass i samfunnsfaget i lærarutdanninga. Det er eit mål at forskinga skal bidra til at lærarstudentar på 1-7-utdanninga skal få ei betre forståing for kva begynnaropplæring i samfunnsfag er eller kan vera.
Publikasjonar
Skjæveland, Y. (2017). Learning history in early childhood: Teaching methods and children’s understanding. Contemporary Issues in Early Childhood, 18(1), 8–22.
Skjæveland, Y. (2020). Samfunnsfagdidaktisk forsking med empiri frå norsk skule – eit forskingsoversyn. Nordidactica, 2020:4, 142-163.
Skjæveland, Y. (2023). Omgrepslæring i samfunnsfag i småskulen. I: Kvande, L. og Olofsson, H.: Begreper om og i samfunnet: Teori, empiri og analyse av begrepsforståelse og -læring i samfunnsfag. Universitetsforlaget. (under publisering).
Utler, S. J. (2021). Political education of young children: Teacher descriptions of social studies teaching for children in 1st-4th grade in Norwegian primary school. Journal of Social Science Education 20(3), 102-129.