Kunstnerisk forskningslab
Kunstnarisk forskningslab
Dette er ei tverrfagleg erfaringsbasert gruppe for kunstbasert forsking og utviklingsarbeid, med utspring i forskarar frå Institutt for kunst- og medievitskap. Me fokuserer på korleis kunstnariske prosessar kan nyttast i forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid innanfor drama og teater, film og visuell kunst.
I kunstnarisk forskningslab er me opptekne av korleis kunsten kan skapa ny kunnskap, innsikter og erkjenningar. Me er eit laboratorium der dei tverrfaglege medlemmene i gruppa utforskar og utvekslar erfaringar. Fokuset vårt er kunstnarisk praksis som studieobjekt, men der forskarane våre kan jobba med ulike metodiske inngangar i korleis forska med, i, gjennom og på kunsten. Forskingsmetodane kan vera praksisleidde, performative, så vel som kvalitative. Forskargruppa ønskjer å bidra til teoriutvikling, kunnskap om relevante metodar, og dessutan løfte fram etiske problemstilingar gjennom kritisk refleksjon.
Formålet i gruppa er mellom anna knytt til å utvikla eit godt fagleg miljø, og dessutan bidra til kunnskaps- utvikling og -utveksling for kunstbasert forsking innanfor våre fagområde. I dette ligg det også å bidra til at nyare kunstfaglege forskarar, stipendiatar og ph.d.-kandidatar i kunstnarisk utviklingsarbeid innan drama og teater, film og visuell kunst kan ta del i eit aktivt og utviklande forskingsmiljø.
Kunstnariske praksisar tolkar og skaper sosiale fellesskap, og speler ei viktig rolle i å fremja engasjement og samfunnsmedvit. Me har ein ambisjon om at den kunstnariske utforskinga i forskargruppa og kunnskapsproduksjon blir integrert på ulike måtar i samfunnet. Forskargruppa ønskjer å plassera kunsten i ein tverrfagleg, sosial og internasjonal forskingskontekst på høgt nivå. Me vil bidra til å fremja kunnskap om kunst som både ei unik og sjølvstendig form for samhandling og som ei stor kraft i menneskelivet og samfunnet.