Et svakt hjerte
Eit svakt hjarte

Kunstnarisk forskingsfokus i forprosjektet
Kva skjer når ungdoms eigne tekstar går i kunstnarisk dialog med Dostojevskijs forteljing Eit svakt hjarte? Korleis kan fortid og samtid komma i dialog for å skapa ny norsk dramatikk for ungdom? Dette er nokre av dei sentrale spørsmåla i dette kunstnariske forskingsprosjektet som ser nærare på korleis ein kan adaptera ein klassisk tekst.
Ide og innhald
Gjennom å bruka eit klassisk verk som rammeforteljing kan me ta tak i tema som prestasjonspress og psykisk helse på ein måte som løfte fram det allmennmenneskelege. I Dostojevskijs forteljing «Eit svakt hjarte» møter me Vasja som har teke på seg eit stort arbeid. Sjølv om han er lykkeleg forelska, blir prestasjonspresset for mykje. Han skriv til langt på natt, til slutt utan blekk. Han får panikkangstanfall. Arkadij, vennen hans, ser at han blir stadig sjukare, og går glipp av lykka og det livet «han skulle ha hatt».
Forteljinga er relevant for ungdom i dag. Prosjektet undersøkjer korleis angst og depresjon kan oppstå, korleis tyngjande tankar kan skapast i eit tilsynelatande lykkeleg ungt sinn. Forteljinga om vennskap er ein fin inngang til temaa. Korleis kan me forstå våre næraste, korleis kan me hjelpa ein venn? Og kan ein alltid hjelpa?
Kunstnarisk undersøkingar i praksis
I ein kreativ verkstad med målgruppa leidde av forfattar Marte Huke og regissør Lene Helland Rønningen ønskjer me å få tak på ungdoms tolkingar av romanen gjennom mellom anna dramametodar og kreativ skriving. Me vil samla inn deira eigne tekstar knytt til tematikken me arbeider med. Målet vårt er å skapa ei framsyning der Dostojevskijs klassiske verk kjem i dialog med ungdoms forteljingar. Me ønskjer å synleggjera den kollektive samband mellom oss menneske, slik at ungdom kan sjå forteljinga si som ein del av forteljingane i historia.
Etter verkstaden vil me omarbeida tekstar frå ungdom og setja dei i spel med Dostojevskijs tekst i ein verkstad med to–tre skodespelarar. Her vil tekstane utforskast i ein papirscenografi, der teksten og skrifta blir stadig større og meir kaotisk (krøllete papir, bunkar osb). Me vil eksperimentera med lyssetjing av papiret, for å gjera scenografien transformativ i ei meir poetisk retning, slik at forteljinga kan få ein ekstra dimensjon.
Mot slutten av verkstaden vil me invitera til ein work-in-progress visning inkludert refleksjon med kunstnarar og inviterte gjesteforskarar. Desse vil utgjera eit dramaturgiat for vidare bearbeiding og også vera eit refleksjonsrom på tvers av fagområde. Også samarbeidspartnarane våre; ungdommen ved Cissi Klein Videregående skule, og scenekunstnarar vil vera invitert og bidra aktivt til dette arrangementet. Scenekunstorganisasjonen Propellen Teater vil her vera samarbeidspartnar.
NTNUs satsingsområde
Prosjektet er knytt til eit av NTNUs utviklingsmål innan kunstnarisk verksemd. Det kunstnariske arbeidet vil bidra til å styrkja rolla til kunsten i samfunnet generelt, og i skulen spesielt.
Prosjektet rettar seg også inn mot to av NTNUs satsingsområde; helse og livsvitskap og fellesskap. Gjennom fokuset på psykisk helse ser me nærare på årsaker og helsefremjande tiltak for både utanforskap og psykisk helse. Tematikken som blir utforska handlar nettopp om ungdom og psykisk helse, og ser kva som gjer eller ikkje gjer at nokon slit i periodar av livet. Det set også fokus på sentrale faktorar som er helsefremjande (vennskap) og dette betydninga si. Det er spesielt interessant at det er desse perspektiva me skal utforska saman med ungdommane, slik at me også får oppdaga synspunkta deira knytt til dette. I prosjektet tematiserer me også at ein av ungdommane blir så sjuk at han får eit annleis liv, og blir ståande utanfor. Denne tematiske utforskinga kan knytast til NTNUs satsinga fellesskap, der nettopp det å stå utanfor som ung er noko av det som tematiserer. Me ønskjer å få dei unges eigne perspektiv på desse temaa.
Arrangement
Info: Fra Dostojevkij til dagens ungdom - Å skape ny dramatikk om mental helse
Tid: 19. mars kl. 15:00 - 17:00
Sted: Blackbox