Ny dramatikk møter ungdom – Ei studie av Den Unge Scene

Forskingsprosjekt - Institutt for kunst- og medievitskap (2023-2026)

Ny dramatikk møter ungdom – Ei studie av Den Unge Scene

En scene fra et DUS-teaterstykke. Foto.
Frå framsyninga Ord mot ord, ungdomsgruppa i BUL. Foto: Øyvind Malum, Turnéteatret i Trøndelag.
Framsyninga vart spelt på den regionale festivalen for Midt-Noreg, og på den nasjonale festivalen i Oslo våren 2023.

I anledning 20-årsjubileet til Den Unge Scenen (DUS) i 2024 samarbeider DUS og NTNU om eit forskingsprosjekt som vil bidra til å auke kunnskapen om DUS og ungdomsteater i Noreg, så vel som ny, norsk dramatikk.

DUS vart oppretta i 2004 og er eit landsdekkande prosjekt som jobbar for å heve nivået på ungdomsteater i Noreg. DUS bestiller og utviklar sceniske tekstar og konsept for ungdom som blir framført av ungdom i alderen 13 til 19 år.

Sidan oppstarten har DUS fått fram 42 nye tekstar og konsept. Om lag 80 ungdomsgrupper fordelt over heile landet lagar framsyningar av tekstane i kvar runde som blir viste på festivalar i alle deltakande regionar og ein landsdekkande festival på Det Norske Teatret i Oslo for utvalde grupper.

Forskingprosjektet DUS har sitt utgangspunkt i drama- og teatermiljøet på NTNU. Arbeidet blir leia av førsteamanuensis Ine Therese Berg, som er prosjektleiar og redaktør. Med seg som redaktør har ho førsteamanuensis Lene Helland Rønningen. Prosjektet har som mål å gi ut ei vitskapleg artikkelsamling med utgiving i 2025. Etter ein open call er til saman 12 forskarar med ulik bakgrunn tilknytt prosjektet. Forskingbidraga vil ha ei sterk empirisk forankring i DUS, og vil gi kunnskap om tema som organisering og struktur, instruktørrolla, eit blikk på dei dramatiske tekstane, konseptet «blanke ark (open oppgåve), mangfald i DUS, og meir.


person-portlet

Prosjektleiarar

Ine Therese Berg
Førsteamanuensis
ine.t.berg@ntnu.no
73412443
+4797612033
Lene Helland Rønningen
Førsteamanuensis drama og teater
lene.ronningen@ntnu.no
73558903
+4799524862

Bilder fra DUS

En scene fra et DUS-teaterstykke. Foto.
Frå framsyninga Ordlaus, Ålesund vidaregåande skule. Foto: Øyvind Malum, Turnéteatret i Trøndelag

Aktivitet

Aktivitet

Forskingprosjektet besøkte DUS-seminaret 2024 på Hamar med eit eige skriveseminar. Til saman 10 forfattarar deltok, og om lag 80 instruktørar frå DUS deltok på hovudseminaret.

Frist for call for abstract som gjekk opent ut til forskarar i Noreg.

Oppstartsseminar for nytt forskingsprosjekt på Røros. Fire forskarar frå drama og teater deltok.

Medlemer

Medlemer

Samarbeidspartnarar

Samarbeidspartnarar