Om oss – IDI
Om oss
Institutt for datateknologi og informatikk har omlag 340 tilsette innan vitskapelege og teknisk/administrative stillingar. Våre tilsette er lokalisert på to campusar; Trondheim og Gjøvik.
Vi har eit breitt spekter av fagfolk frå ulike IT-fagfelt. Det gir oss eit unikt utgangspunkt for tverrfagleg forsking.
Instituttleiinga
Den daglege drifta av instituttet er leia av instituttleiinga:
Råd og utval
Våre råd og utval ved Institutt for datateknologi og informatikk:
Visjon
IT-kunnskap for ei smartare og tryggare verd.
Forskningsområde
Sentrale forskningsområde ved IDI er datateknologi, informatikk, kunstig intelligens, big data, fargeteknologi, databasar, søk, interaksjonsdesign, programvareutvikling, autonome system, datasyn, visualisering, samt medisinsk teknologi.
Forskningsområda er både eksperimentelt og teoretisk retta. Eit studium ved instituttet gir derfor eit solid fundament for vidare utvikling og karriere innan ei rekke ulike område.
Forsknings- og undervisningsansvaret er fordelt på faggruppene våre
Samarbeid med arbeidslivet
Nexus-nettverket er eit samarbeidsforum for næringslivet, Institutt for datateknologi og informatikk og Institutt for informasjonssikkerheit og kommunikasjonsteknologi. Nettverket består av bedrifter og organisasjonar som driv med dateteknologi, informatikk, kommunikasjonsteknologi og informasjonssikkerheit.
Gjennom nettverket skapar vi ein møteplass kor studentane, næringslivet og institutta møter kvarandre for å utveksle informasjon og meiningar.
Kontakt oss
Besøk oss – Gjøvik
Besøks- og leveringsadresse
Bygg A
Teknologivegen 22
2815 Gjøvik
Postadresse
NTNU
Institutt for datateknologi og informatikk
Postboks 191
2815 Gjøvik