Om oss - Institutt for biologiske fag Ålesund
MENY
Om oss
Institutt for biologiske fag Ålesund
Om oss
Institutt for biologiske fag Ålesund har profesjonsutdanningar med basis i naturvitskaplege fag. Instituttet er tett knytt til det regionale næringslivet, både til helsevesenet og innan marin sektor. Instituttet har fokus på forsking, innovasjon og kunnskapskapsutvikling relatert til helse og berekraftig utnytting av ressursane i havet, medisinsk og marin laboratorieteknologi.
Studiar med praksisperiodar gir ein tett link mellom næringsliv og utdanning. Praksisnære studiar gir eit godt innblikk i kva problemstillingar som til kvar tid er relevant for næringslivet og som bør ha fokus i utdanninga. Studentane gjennomfører bacheloroppgåver i samarbeid med næringa eller som ein del av eksisterande forskingsprosjekt på avdelinga.