Utvikling, prosjekter og innovasjon innen utdanning - Det humanistiske fakultetet
Utvikling, prosjekt og innovasjon
Vårt utviklingsarbeid på utdanningsområdet
For å løyse utfordringane verda står overfor og skape eit berekraftig samfunn, krevst kunnskap om korleis kultur og historie formar vår forståing og våre val. Slik innsikt er avgjerande i eit samfunn prega av vedvarande forandringar. Vår særlege styrke ligg i forståinga av samanhengar mellom menneske, kultur, samfunn, natur og teknologi (frå strategi for Det humanistiske fakultetet 2018-2025).
Utvikling og forbetring av studietilbodet føregår kontinuerleg gjennom NTNUs kvalitetssystem, skolerings- og erfaringsdeling. Våre undervisarar driv innovative utviklingsprosjekt på utdanningsområdet, finansiert gjennom mellom anna NTNUs Toppundervisningsordning, utdanningsprogramma til HK-dir og fakultetet sine strategimidlar. Utforming av læringsareal og etablering av nye rom er òg ein del av vårt nyskapande utviklingsarbeid.
Strategisk mål: Det humanistiske fakultetet skal tilby nytenkande og utforskande undervisning, utført av undervisarar som er sentrale bidragsytarar i NTNU sitt arbeid med læring og utdanningskvalitet
Pågåande utviklingsprosjekt
MuSaDel - Museum, samfunn, deltakelse
UniKuP - Universitetskulturskuleprosjektet
ACDC - Assessing Collaborative Digital Case-based learning
For studentar
Spørsmål om våre studiar?
Kontakt din studierettleiar