Områdeemne - Det humanistiske fakultetet
Områdeemne
Bachelorprogram og femårige masterprogram ved NTNU skal innehalde eitt områdeemne, som er eit obligatorisk fellesemne.
Områdeemna tematiserer samfunnsutfordringar som humanistiske fag skal vere med å løyse. Områdeemnet skal bidra til å:
- få innsikt i eit tema som gir eit nytt blikk på eige studieprogram
- styrkje studieprogramma si relevans
- gi nødvendige felles perspektiv på studia ved NTNU
- styrkje integrasjonen og bygge faglege fellesskap i eit nytt NTNU
Ved Det humanistiske fakultetet finst følgjande områdeemne:
Ofte stilte spørsmål fra studentar
Alle bachelorprogram og alle andre studieprogram som fører til høgare grad ved NTNU, skal innehalde eit områdeemne. I utdanningsplanen din ser du om du skal ha eit obligatorisk områdeemne, eller om du kan velje mellom fleire angitte områdeemne.
Sjekk studiet si oppbygging i studieplanen din for å sjå kva for emne instituttet ditt tilrår.
Samla oversikt over alle studieplanar ved Det humanistiske fakultetet.
Du finn informasjon om tidspunkt for undervisning og eksamen i emnebeskrivinga.
Kva for emne du skal ta i løpet av utdanninga di, kan du finne i utdanningsplanen din i Studentweb eller under studiet si oppbygging på studieprogramsida. Du kan òg finne det i oversikta over alle studieplanar ved Det humanistiske fakultetet.
Nei. Alle studieprogram ved NTNU høyrer til eit studieområde, som representerer eit fagleg fellesskap. Det humanistiske fakultetet har studieprogram innanfor følgjande studieområde:
- Humaniora og estetiske fag
- Lærar- og lektorutdanning
Innanfor kvart studieområde er det utvikla eitt eller fleire områdeemne. Studieplanen for studieprogrammet angir kva som er godkjent områdeemne i programmet.
Ja, viss du har eit emne som har overlappande innhald, omfang og nivå med områdeemne i studieprogrammet ditt, kan du søkje om å få godkjent emnet som tilsvarande områdeemne i din grad.
Les meir om godkjenning av utdanning.
Kolliderer områdeemnet du ønskjer å velje med andre obligatoriske emne, ta kontakt med studievegledaren din.
Alle emna har ein todelt semesterplan:
- Ein innleiande del beståande av felles undervisning over emnet sitt tema
- Ein prosjektfase, frå midtvegs i semesteret. I prosjektfasen arbeider studentane saman i grupper, med oppgåver som kan vere spelt inn frå eksterne samarbeidspartnarar, eller presentert som problemstillingar eller case for undersøking.
Ja. Alle områdeemna har obligatorisk aktivitet, inkludert obligatorisk oppmøte på seminara. Du kan lese meir om obligatorisk aktivitet i emnebeskrivingane.
Vurderingsform er lik for alle våre områdeemna: munnleg gruppepresentasjon av ferdigstilt prosjekt, og ei individuell semesteroppgåve.