2-årige masterprogram

Det humanistiske fakultetet

2-årige masterprogram

Tre studenter i forelesningssal. Foto
Foto: Elin Iversen/NTNU

Kvifor velje eit masterprogram?

  • Eit masterprogram byggjer vidare på bachelorprogrammet når det gjeld fagleg djupne og spesialisering.
  • På master kan du i større grad fordjupe deg i dei delane av studiet du synest er mest interessante, særleg på masteroppgåva.
  • Med ein mastergrad i humanistiske fag har du fleire moglegheiter i arbeidsmarknaden:
    • Du får ei utdanning som kvalifiserer for ei rekkje yrke i privat og offentleg sektor. Bruk difor studietida til å øve opp ferdigheiter i formidling og praktisk bruk av faget.
    • Med ein master har du utdanning på høgare nivå. Mange arbeidsgjevarar krev ein mastergrad på mange av dei mest interessante jobbane.
    • Ein masterkandidat har gått mykje meir i djupna av sitt fagfelt enn ein bachelorkandidat, og kan brukast til meir omfattande oppgåver som krev analytisk kompetanse.
    • På dei fleste masterprogramma har du moglegheit til å knyte kontaktar i arbeidslivet undervegs i studiet, til dømes gjennom å skrive masteroppgåva i tilknyting til ei bedrift, organisasjon eller innanfor offentleg sektor.

Fakultetet sine mastertilbod

Masterprogramma nedanfor er kategoriserte etter fellesnemnarar som fagleg innhald, karrieremoglegheiter og forventa læringsutbyte for studentane. Sjå våre studietilbod innan:

Historiefag

Masterutdanninga omfattar mellom anna politikk og kvardagsliv, og gir slik innsikt i ulike sider av fortida. Difor studerer du òg kulturelle og sosiale, politiske og økonomiske endringsprosessar. Masterstudiet kombinerast med teori og metode, samt øving i å framstille historisk stoff, og erfaring i å vurdere historisk stoff kritisk og sjølvstendig. Samstundes får du høve til å fordjupe deg i nokre utvalde tema eller periodar.

Masterutdanninga kvalifiserer for yrke der kompetanse og ferdigheiter i kommunikasjon, formidling og analyse er naudsynt:

Internasjonale masterprogram

Desse masterprogramma vert undervist på engelsk, og du vil studere saman med studentar frå mange ulike land:

Internasjonalisering

Desse masterprogramma byggjer opp internasjonaliseringskompetanse, forstått som kompetanse i tileigning av ny kultur og framandspråk, samt bygging av nettverk internasjonalt gjennom delstudium eller praksis/hospitering i utlandet. Dette skjer samstundes som du får ei brei kompetanse i faget du studerer.

Masterutdanninga kvalifiserer òg for yrke der kompetanse og ferdigheiter i kommunikasjon, formidling og analyse er vesentleg.

Kulturfag

Masterprogramma gir deg moglegheit til fordjuping i gamle og nye problemstillingar, og til å etablere nye sanningar. Det gir innføring i vitskapsteoretisk tenking og vitskaplege arbeidsmåtar, og byggjer opp kritisk haldning og evne til sjølvstendig arbeid.

Masterutdanninga kvalifiserer òg for yrke der kompetanse og ferdigheiter i kommunikasjon, formidling og analyse er vesentleg:

  • Filosofi
  • Kulturminneforvaltning
  • Likestilling og mangfald
  • Religionsvitskap
  • Studier av kunnskap, teknologi og samfunn (STS)

Masterutdanningen kvalifiserer også for yrke der kompetanse og ferdigheter i kommunikasjon, formidling og analyse er viktige:

Mediefag

Masterkandidaten har tileigna seg avansert kunnskap om faget si historie og utvikling, og har inngåande kunnskap om teoriar og metodar innanfor det aktuelle mediefaget. Studia gjev både praktiske og teoretiske kunnskapar. Masterutdanninga kvalifiserer deg òg for ei rekkje yrke der kompetanse og ferdigheiter i kommunikasjon, formidling og analyse er naudsynt.

Praktisk-estetiske studier

Praktisk-estetiske masterprogram styrkjer dine evner til å tenkje kritisk og kreativt ved å kombinere teori og praksis i faget du studerer på master. Masterutdanninga gir deg slik fagleg fordjuping på høgt nivå, og førebur deg samstundes på praktisk yrkesutøving.

Masterutdanninga kvalifiserer òg for yrke der kompetanse og ferdigheiter i kommunikasjon, formidling og analyse er vesentleg.

Profesjonsretta studier

Masterkandidatar på profesjonsretta program skal vere godt kvalifiserte for profesjonsretta arbeid etter endt mastergrad gjennom inngåande kunnskap i sitt fagfelt.

Samstundes kvalifiserer òg desse utdanningane for yrke der kompetanse og ferdigheiter i kommunikasjon, formidling og analyse er viktig:

Språk og litteratur

Masterutdanning i språk og litteratur gir kompetanse i å forholde seg vitenskapelig til språklige og litterære fenomener. Litteraturstudier gir også kunnskap om hva skjønnlitteratur formidler ideologisk, politisk og kulturelt. Språkvitenskapen perfeksjonerer deg også i språkferdigheter. Fremmedspråkene gir mulighet for faglig fordypning i litteratur, språk eller kulturkunnskap. Et utenlandsopphold i løpet av studiet anbefales for å øve opp språklig og kulturell kompetanse.

Masterutdanning i språk og litteratur gir kompetanse i å forhalde seg vitskapleg til språklige og litterære fenomen. Litteraturstudium gir òg kunnskap om kva skjønnlitteratur formidlar ideologisk, politisk og kulturelt. Språkvitenskapen perfeksjonerer deg òg i språkferdigheiter. Framandspråka gir moglegheit for fagleg fordjuping i litteratur, språk eller kulturkunnskap. Eit utanlandsopphald i løpet av studiet vert tilrådd for å øve opp språklig og kulturell kompetanse.

Masterutdanninga kvalifiserer òg for yrke der kompetanse og ferdigheiter i kommunikasjon, formidling og analyse er vesentleg: