Vellykka kick-off for nytt kunstprosjekt ved NTNU
Vellykka kick-off for nytt kunstprosjekt ved NTNU
Vellykka kick-off for nytt kunstprosjekt ved NTNU
I samband med kunstprosjektets offisielle oppstart vart det invitert til eit ope arrangement i Skiboli for å fortelje om kva som skal skje på Gløshaugen i åra som kjem. KORO (kunst i offentlege rom) har ansvaret for gjennomføringa av prosjektet som strekkjer seg heilt fram til 2031.
Foto: Lili Zaneta / KORO
Kunst og campussamling
Kunstprosjektet skal utforske kunstens muligheitsrom ved NTNU. Prosjektet vart presentert av KORO sitt kuratorteam; Alexander Furunes Eriksson, Thora Dolven Balke og Marit K. Flåtter, som delte sine tankar og målsettingar om prosjektet og korleis kunst kan berike universitetets miljø, skape engasjement og dialog mellom kunst og arkitektur.
- Prosjektet set spesielt søkelys på deltakarbasert og prosessuell kunst, og vil ta form som et program som vil invitere studentar og tilsette til dialog og samhandling med kunstneren og kunsten, seier Trond Hugo Haugen, prosjektleiar for KORO.
Planen er residensopphald, utstillingar og kunstintegrasjon.
Planen er residensopphald, utstillingar og kunstintegrasjon. Kunstnarar vil mellom anna bli invitert til residensopphald i samarbeid med NTNUs fagmiljø, med forslag om at tre fysiske byggverk blir etablert som aktive rom for kunst, og fungere som arbeidsrom og utstillingsarenaer. Det vil også bli skapt permanent kunst på NTNU-campus, basert på engasjement frå kunstnarar og samarbeidspartnarar. Prosjektet inkluderer óg ein samtaleserie for å leggje til rette for og fremje dialog om kunstens rolle i ein utdanningsinstitusjon.
- Kunstprogrammet avsluttast i 2031, når bygga på NTNU står ferdige og den permanente kunsten blir del av i dei nye områda, avsluttar Haugen.
Foto: Lili Zaneta / KORO Kva er kunstens muligheitsrom i ein utdanningsinstitusjon som NTNU?