Sommerjobb for IT-studentar
Vi ber om at du opplyser når du kan starte og kor lenge du kan jobbe.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante vitnemål og attestar. Vitnemål for utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse/NOKUT.
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følge, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
Er du IT-student og har lyst til å vere ein sommar på Helgelandskysten? Vi har to spennande sommarjobbar ledig!
Vi har eit stort IT-miljø der vi utviklar og forvaltar IT-løysingar som er viktige for heile Noreg. Du blir ein del av utviklingsmiljøet vårt og får bruke kunnskapen din til å løyse reelle utviklingsoppgåver innan frontend eller backend. Du får tett oppfølging frå erfarne utviklarar som rettleier og jobbar saman med deg i team. Oppgåvene blir løyste med moderne teknologi. Du får passe store og utfordrande arbeidsoppgåver, der du lærer mykje nytt og knyt langsiktige kontaktar.
Kvalifikasjonar
Du må
- minimum ha fullført andre studieår av ein bachelorgrad, eller minimum ha fullført tredje studieår innan IT dersom du går master.
- ha god kjennskap til Java og Springboot eller React og javascript
- ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du tar initiativ og jobbar godt både sjølvstendig og i team
- Du må vere analytisk og strukturert
Vi tilbyr
Vi vil hjelpe til med å skaffe bustad under opphaldet for utanbys søkarar. Reiseutgifter tur/retur Brønnøysund – studiestad og ev. husleige blir dekt av oss. Dette er skattepliktig inntekt.
Stillinga har ei varigheit på 6-8 veker, med oppstart 23.06.2024. Stillinga er lønna med etterskotsvis timelønn som konsulent (kroner 232,- pr. time). Det blir trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di. Arbeidstid er måndag–fredag kl. 0800–1500.
Inkludering og mangfald er viktig for oss
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en din, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søker på stillinga hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Å bu i Brønnøysund
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal av moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekker ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike moglegheiter for trening innandørs.
Ta gjerne kontakt
Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Per Egil Nilsen, telefon 911 29 424, eller Lars Petter Svartis, telefon 992 24 421.