Bilde

Research Software Engineering (RSE)

Om RSE-teamet

Om RSE-teamet

Vi har kompetanse om å bruke og skrive programvare som handterer og behandlar forskingsdata. Teamet jobbar prosjektorientert, gjerne tett med forskingsgrupper og andre brukarmiljø under løysning av oppgåver. Vår oppgåve er programvare som direkte støttar forsking og som ikkje er standardprogram eller administrative program.  

Målet er å hjelpe forskarar med IT-utfordringar i forskinga deira, vanlegvis innan forskingsfelt som i seg sjølv ikkje er IT-relatert. Sjølv om IT er en nødvendig del av dei fleste forskingsfelt i dag, skal du ikkje trenge å være IT-ekspert for å kunne gjere di forsking. Det er her vår kompetanse kan hjelpe til!

Vår erfaring

Vår erfaring

Vi har lang erfaring frå å jobbe med IT-utstyr i laboratoriesamanheng, blant anna:  

  • Flytte programvare eller berekningar til sky, med virtuelle maskinar. 
  • Importere, migrere, konvertere og konsistenssjekke forskingsdata. 
  • Skrive programvare for forskingsprosjekt, blant annet i C, Javascript og Python.  
  • Databasar for lagring og behandling av forskingsdata med metadata.  
  • Oppsett for presentasjon av datasamlingar på nett via Web.  
  • Automatiserte prosesser (pipelines) for å behandle forskingsdata frå kjelde frem til dei er klare for bruk, og integrasjon og "samansying" av slikt. 
  • Installasjon og starthjelp i forbindelse med vitskapleg programvare. 
  • Oppsett og bruk av Jupyter Notebooks. 
  • Sikker behandling og lagring av sensitive data på IT-utstyr, blant anna personvern. 
  • Hjelp rundt lagringssystem for forskingsdata.  
  • Spesifisere ressursar og løysningar forut for forskingssøknader. 

Ta kontakt

Ta kontakt

Vi kan hjelpe deg med:

  • Gi råd og tips så du sjølv kan komme vidare.
  • Peike til dokumentasjon osv. som kan hjelpe deg vidare.
  • Vise til andre ved NTNU, dersom dei betre kan hjelpe deg enn oss.
  • Avtale tidspunkt for eventuelt å kunne hjelpe deg seinare.  

Ofte er konklusjonen at det trengs temmeleg omfattande innsats i tid og pengar for å komme i mål med ein konkret utfordring. Da er det ikkje sikkert at vi har kapasitet, men vi kan bli med på ein diskusjon for å sjå korleis moglegheiter som finst.  

Avtal eit møte med oss i NTNU Hjelp.

 

Tilbake lenke (Forsk IT)